Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Test ut dronen

Test ut dronen gjennom å lage enkle klipp. Dronar kan òg ha automatiske flygeprogram. Dei gir deg eit utval av moglege køyringar du kan bruke som verkemiddel.

Å få til å sirkle rundt eit objekt i fart kan vere ei stor utfordring, og krev mykje øving om du flyg aleine. Prøv å tenkje på ein tydeleg start og slutt. Dersom klippet er av ei slik lengd som dette, kan du bruke berre delar av klippet i ein ferdig film. Jo stødigare de er i flyrørslene, jo fleire moglegheiter har de i klippinga.

Kome i gang med droneopptak

Finn ein eigna stad i god avstand til bygningar og folk. Hugs å ta omsyn til lovverk og sikkerheit.

Lag følgjande klipp:

  • E køyring med dronen der du har eit fast start- og sluttpunkt. Hugs rolege rørsler og stødig flyging
  • Eit kranbilete der du løftar dronen frå låg høgd og opp til eit oversiktsbilete. Gjerne med eit objekt i forgrunnen.
  • Sirkle rundt eit objekt med kontinuerlig stødig rørsle. Gjerne med ein klar start og slutt.

Her blir dronen brukt som ein kran. Granskogen er valt som start, og så blir dronen løfta opp for å avsløre noko meir: Ei fjellkjede. Dette gir sjåaren noko ekstra, teknikken kan brukast som eit kreativt verkemiddel.

Automatiske flygeprogram

Å styre ein drone kan være utfordrande. Du må ha kontroll på luftfartøy og kamera samtidig. Mange dronar har automatiske program som kan hjelpe deg med dette og sikrar at du får jamne rørsler og opptak.

Interessepunkt - "Point of Interest"

Du merkar eit punkt og ber dronen sirkle rundt i ei gitt fart og høgd.

Sjå her: Interessepunkt - "Point of Interest" på YouTube.com (reklame kan førekomme)

Følgjemodus - "Follow mode"

Her vil dronen følgje etter ein person eller eit objekt. Ein kan manuelt bestemme ein del parameter som blant anna fart, høgd og om dronen skal følgje etter frå sida, bakfrå eller anna. Denne funksjonen er mykje brukt av idrettsutøvarar som ønsker å bli filma medan dei klatrar, køyrer snowboard, motorsykkel eller liknande

Sjå eksempel her: Følgemodus - "Follow mode" på YouTube.com (reklame kan førekomme)

Sjå heile videoen om du vil sjå eksempel på alle flygeprogramma.

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen og Kolbjørn Larssen.
Sist fagleg oppdatert 07.11.2018

Læringsressursar

Videoopptak med drone