Hopp til innhald

Fagstoff

Tips til opptak med drone

Korleis skal opptaket sjå ut til slutt? Kva skal de tenkje på når de planlegg opptak med drone?

Klippet viser at dronen følgjer ein fjellrygg oppover. I slike naturbilete kan det vere vanskeleg å få fram dimensjonar og avstandar. Eit tips er då å bruke personar eller andre objekt ein kan relatere seg til. Her ser vi for eksempel eit turfølgje som går opp fjellryggen. Som alltid er det viktig å halde ei stødig linje under flyginga. Hugs å ha avtalar i orden med dei personane som skal filmast.

Korleis lykkast med droneopptak?

  • Planlegg opptaket godt på førehand: Kva slags bilete kjem før, kva for eit kjem etter?
  • Bruk dreiebok.
  • Planlegg rettast mogleg linjer.
  • Planlegg kva som må gjerast for å få til opptaket slik de har tenkt det.
  • Tenk gjennom heile opptaket før dronen tar av.
  • Det er ein fordel å vere to personar: ein har fokus på rørsla til dronen, og ein har fokus på det kamera skal fange.

Effekt og innleving

Det spesielle ved droneopptak er at dei er tatt frå lufta. Opptaka gir oversikt over landskap, og gir flykjensle. Prøver de teknikkane nedanfor, får de mest mogleg effekt av droneopptak:

  • kome nær objekt
  • fange store bilete høgt oppe frå
  • få til dynamiske bilete
  • ta lange, fine tagningar

Sjekkliste før take-off

  • Er dronen heil og utan skader?
  • Sit propellar riktig og godt fast?
  • Er det straum på batteri til drone, fjernkontroll eller nettbrett/telefon?
  • Har du minnekort med nok plass og hastigheit til å gjere opptak på?
  • Sjekk at det ikkje er flyaktivitet i nærområdet. Dersom du er i nærleiken av ein flyplass, ring tårnet og gi beskjed om at du skal flyge.
  • Finn ein eigna, rein og stabil plass til å ta av med dronen.
  • Hold utkikk med omgjevnadane, og ha visuell kontakt med dronen heile tida.
  • Bruk sunn fornuft og flyg forsvarleg.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Kolbjørn Larssen.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2018

Læringsressursar

Videoopptak med drone