Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Likestilling og medium

I denne oppgåva tek vi for oss korleis forskarar ser på kjønn, likestilling og netthets i media. Du møter ein medieforskar og ein sosialantropolog i ein podkastepisode om media frå Kjønnsavdelingen.
Opprørt kvinne viser fram mobil med bilete av mann som viser fingeren til kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva skal du lytte til podkasten Kjønnsavdelingen. Episode 2 - Media (soundcloud.com).

Lytt til den første delen av podkasten, og finn ut kva forskarane seier om spørsmåla under. Elisabeth Eide snakkar frå starten av podkasten og fram til 15:38, og Aina Landsverk Hagen snakkar frå 16:28 til 27:55.

Oppgåve 1

Elisabeth Eide er professor og medieforskar. Ho har forska på korleis media framstiller kjønn, og om det er likestilling i media.

  1. Korleis blir kjønn framstilt i media, ifølgje professor og medieforskar Elisabeth Eide?

  2. Kva meiner ho er konsekvensane av korleis media framstiller kjønn?

  3. Kva meiner ho kan gjerast for å fremje likestilling i media?

Oppgåve 2

Aina Landsverk Hagen er sosialantropolog og forskar på netthets i media.

  1. Kor omfattande meiner ho netthetsproblematikk er?

  2. Kva påpeiker ho er konsekvensane av netthets?

  3. Kva meiner ho er gode tiltak for å handtere netthets for dei som blir utsette for det?

  4. I podkasten brukte forskarane uttrykk som feminisme, dagsorden, minoritetsmarkør, "sportifisering", seksualisert mobbing, ytringsskade, triggartema og hersketeknikk.
    Forklar kva som blir meint med desse utrykka.

Oppgåve 3

Skriv eit lesarinnlegg med overskrifta "Likestilling i media?" frå ståstaden din som ung voksen. Argumenter for korleis dette påverkar deg, og drøft kva du meiner må til for å fremje likestilling i media.

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon og samhandling