Hopp til innhald

Spelefilm

69 minutter av 86 dager

Den prislønte dokumentaren 69 minutter av 86 dager følgjer tre år gamle Lean. Saman med familien flyktar ho til fots frå Chios i Hellas til slektningar i Sverige. Manus og regi er ved Egil Håskjold Larsen.

Treåringen sitt perspektiv

Med ein liten Frost-ryggsekk på ryggen opplever vi verda blant buksebeina og bagane til alle dei vaksne rundt Lean. Familien har måtta flykte frå alt dei eig, og er no på ei farleg reise gjennom Europa.

På same tid som Lean oppfattar alvoret i situasjonen dei no er i, ser vi stort sett omgivnadene med nysgjerrige og leikne barneauge. Lean syng, leikar med småstein og tøysar med onkelen sin mens landegrenser stadig blir kryssa.

Regissør og fotograf Egil Håskjold Larsen har følgt familien gjennom Europa, og håper at ein i møtet med denne dokumentaren kan lære noko av barnet si openheit og tilpassingsdyktigheit i møte med det framande, og det vi ikkje forstår.

Flyktningkrisa som bakteppe

Mens flyktningkrisa i Middelhavet ligg som eit dystert bakteppe gjennom heile filmen, har Larsen ikkje ønskt å fokusere på den utanforståande ramma for historia.

69 minutter av 86 dager forsøkjer heller å setje sjåaren inn i livet som barn på ei slik reise – det universelle og det ein kjenner att i det å vere på reise, og det å vere ein familie.

Prislønt

Filmen har gått sin sigersgang på filmfestivalar over heile verda.

I 2017 vann han blant anna Emerging International Filmmaker Award på Hot Docs, Nord-Amerikas største dokumentarfilmfestival.

Filmen blei også nominert til Årets dokumentarfilm under Amandaprisutdelinga i 2017.

Fleire prisar:

  • Beste dokumentar under Nordic International Film Festival og Sheffield International Documentary Festival
  • Gullstolen ved Kortfilmfestivalen i Grimstad
  • Nordic Dox Award på CPH:DOX i København
CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Menneskerettar