Hopp til innhald

Kortfilm

Boks

Boks er ein kortfilm laga av Mathias Askeland i 2015. Det er ikkje så enkelt å ta gode bilete i ein fotoautomat, og det er heller ikkje alltid så lett å kommunisere med kjærasten.

Om filmen

Boks er ein kortfilm om kommunikasjon og om eit parforhold i oppløysing. Filmen tar oss med inn i ein fotoautomat, der eit kjærastepar prøver å ta eit bilete som dei begge er nøgde med.

Filmen er Mathias Askeland sin avgangsfilm frå The London Film School i 2015. Det er Kenneth Åkerland Berg og Anne Cecilie Ukkelberg som speler rollene som kjærasteparet.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Kommunikasjon