Hopp til innhald

Fagstoff

Nettverk og informantar

Når antropologen har formulert ei problemstilling og kome fram til kven og kva ho skal undersøkje, er det nødvendig å bli kjent med personar som veit noko om det ho skal forske på. Ho må derfor skape eit nettverk av informantar. Vet du kva informantar og nettverk kan vere for noko?
En person i et nettverk av andre mennesker. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nettverk

Eit nettverk er, kort forklart, personar som antropologen blir kjende med både før og under sjølve feltarbeidet. Desse personane er ikkje nødvendigvis tilfeldig valde. Antropologen ser seg ut personar som ho går ut frå kan bidra til forskingsprosjektet, noko som betyr at nettverket er valt ut av praktiske årsaker.

Sjølv om nettverket skal fungere som ei informasjonskjelde, hender det ofte at antropologen blir vener med dei ho skal snakke med. Det treng sjølvsagt ikkje å vere negativt. Viss ho skal opphalde seg på ein framand stad over lengre tid, er det viktig å trivast, og då hjelper det å ha vener på staden. Viss antropologen trivst, kan det òg bidra positivt til forskingsprosjektet.

Dei personane som utgjer nettverket, og som antropologen vel å snakke med, kallar vi for informantar.

Informantar

Informantar er altså personar som har kunnskap om det emnet sosialantropologen skal undersøkje. Jobben med å kome i kontakt med informantar er med andre ord svært viktig, elles blir det vanskeleg å samle inn den informasjonen antropologen er ute etter.

Når og kor dette arbeidet skal starte, varierer sjølvsagt frå prosjekt til prosjekt. Enkelte tar kontakt lenge før dei drar ut på feltarbeid, medan andre ventar til dei har funne seg til rette på sin nye "heimstad". I nokre tilfelle er det faktisk ikkje mogleg å bli kjent med informantar før ein kjem ut i felten, medan andre gonger er det naturleg å ta kontakt på førehand. Kan du tenkje deg nokon forskingsprosjekt kor det er vanskeleg å ta kontakt med informantar på førehand?

Som med alt anna, finst det òg ulike kategoriar informantar, og nedanfor skal vi gå inn på eit lite utval av dei.

Gatekeepers

Til å begynne med kan det vere lurt å kome i kontakt med såkalla gatekeepers, eller dørvaktarar. Ein dørvaktar er ein person som har makt til å opne opp eller stengje igjen forskaren sin tilgang til felten. Viss ein klarer å opparbeide seg god kontakt med denne typen personar, kan arbeidet med å skaffe seg informantar og informasjon bli mykje lettare.

Dørvaktaren kjenner mange personar som kan vere nyttige for forskaren. Viss antropologen skal gjere undersøkingar i ein kriminell gjeng, er det for eksempel naturleg å oppsøkje leiaren i gruppa. Han vil sitte med makta til å gi antropologen tilgang til det miljøet og dei personane ho ønskjer å studere, eller så kan han stengje tilgangen. På den måten fungerer han som ein dørvaktar. Han kan lukke opp døra, eller lukke ho.

Dette er ei utfordring som stiller krav til antropologen sine sosiale ferdigheiter. Ho må klare å presentere seg og prosjektet sitt på en slik måte at dørvaktaren får tillit til henne. Viss ho klarer det, vil også dørvaktaren gi ho tilgang til det ho ønskjer.

Spesialiserte informantar

Spesialiserte informantar er personar som har god kjennskap til det antropologen er ute etter. Viss vi går tilbake til eksemplet om kriminelle gjengar, vil en spesialisert informant for eksempel vere leiaren i gruppa, eit gruppemedlem eller ein politietterforskar som har lang erfaring med denne typen grupper. Kven antropologen snakkar med, spelar med andre ord ei stor rolle. Ho velje informantar som kan fortelje ho det ho ønskjer å vite.

En inuittjeger drar en valross på land.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nøkkelinformantar

Nøkkelinformantar er òg personar som veit mykje om det emnet antropologen forskar på, men i motsetnad til spesialiserte informantar, er nøkkelinformantar personar ein ofte utviklar eit nært forhold til. Dette skjer blant anna fordi antropologen møter nøkkelinformantane fleire gonger, eller i alle fall oftare enn ho møter «vanlege» informantar.

Dei blir ikkje kalla for nøkkelinformantar berre fordi ein møter dei mange gonger. Dei er som nemnt personar som har informasjon antropologen har bruk for, og i nokre tilfelle har dei ei unik rolle i forhold til det antropologen skal undersøkje.

Her kan den kriminelle gruppa nok ein gong fungere som eit eksempel. Viss målet med undersøkinga er å finne ut korleis reglane internt i gruppa er, kan det vere fruktbart å snakke med eit vanleg medlem. Han vil vere i direkte kontakt med reglane og har kanskje kjent både dei positive og negative konsekvensane ved reglane på kroppen. Ein leiar vil kanskje pynte på informasjonen, medan ein som er direkte berørt er kanskje meir villig til å fortelje det slik som det er.

Eit anna eksempel kan vere antropologen som skal undersøkje kjønnsrollemønsteret i ei urfolksgruppe. Då vil det vere sentralt å snakke med dei kvinnelege medlemmene av gruppa, spesielt sidan menn kan ha ei anna oppfatning av situasjonen.

En nenetserkvinne med reinsdyr.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Antropologen bør altså vere kritisk når ho skal velje kven som skal vere nøkkelinformantane hennar.

Uansett kven nøkkelinformantane er, spelar dei ei viktig rolle når antropologen skal skaffe seg den informasjonen ho er ute etter. Derfor er det viktig at ho bruker tid på å finne dei som i størst mogleg grad kan bidra til forskingsprosjektet hennar.

Ein del av feltarbeidet

Til slutt er det viktig å streke under at arbeidet med setje saman eit nettverk, og samtalane med informantane, er ein del av det antropologiske feltarbeidet. Dette er som regel personar antropologen omgåast og deltar i aktivitetar med, noko som betyr at det er ein viktig del av den kvalitative metoden. I felten er dette med andre ord noko dei aller fleste antropologar jobbar aktivt med.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Kvalitativ metode