Hopp til innhald

Fagstoff

Stykkliste

Eit produkt som er sett saman av fleire delar, blir teikna både samansett og del for del. På samanstillingsteikninga legg ein inn ei stykkliste. Dette er ei liste over blant anna alle delane som produktet består av, og kva for material som er brukt for å lage dei enkelte delane.

Viktig informasjon

Kvar del er nummerert, og har si linje i stykklista. Vanleg informasjon i stykklista kan vere:

  • Posisjonsnummer (delen sitt nummer)
  • Konstruktør
  • Namn på delen
  • Materialtype
  • Materialstorleik før maskinering
  • Kor mange som er brukt i samanstillinga

Du finn instruksjon seinare om korleis ein kan setje inn og tilpasse stykkliste i Solid Edge. Eksempel på bruk og plassering av stykkliste:

Døme som viser stykklista i ein teikningsdokumentasjo. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Arild Haddal og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 17.09.2018

Læringsressursar

Teikningar