Hopp til innhald

Fagstoff

Lovbrot og tvistar

Domstolane er den tredje statsmakta. Den viktigaste oppgåva domstolane har, er å løyse konfliktar. La oss sjå på kva det kan gå ut på.
Rettssal i Borgarting lagmannsrett. En person står med lovboken foran seg. Ellers er rettssalen tom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • To fråskilde som ikkje kan bli samde om kven som skal ha foreldreretten til barna, går til ein domstol for å få saka avgjort.
  • Ein tilsett som meiner seg ulovleg oppsagd, kan gå til retten for å få att jobben.
  • Eit menneske som drep eit anna, og som blir teke, blir stilt for ein domstol og straffa.

I dei to første tilfella er det foreldre som er i konflikt med kvarandre og ein arbeidsgivar i konflikt med ein arbeidstakar. I det siste dømet er det eit menneske som har brote ei lov som gjeld for alle innbyggjarane i samfunnet. Derfor kan vi seie at vedkommande har komme i konflikt med resten av samfunnet, og ein representant for samfunnet må straffe han eller henne.

Domstolane løyser konfliktane etter lover og forskrifter som Stortinget eller regjeringa har gitt. Domstolane skal også førebyggje konfliktar og brotsverk. Når dei tolkar lover og feller
dommar, minner dei oss samstundes om kva lover og reglar
som gjeld. Og når vi høyrer om kva straffer ein forbrytar får, blir vi dessutan minte om at «lovbrot lønner seg ikkje». Den tredje hovudoppgåva domstolane har, er rett og slett å straffe. Lovbrytaren skal gjere opp for seg.

Sivile saker og straffesaker

Usemje om korleis avtalar skal tolkast, om foreldreretten og om kor høg ein erstatningssum skal vere, kallar vi sivile saker. Den eine parten fører saka inn for ein domstol, som seier kven som har rett, og korleis lova skal tolkast.

I straffesaker kan ein bli dømd for lovbrot. Eksempel på dei mest alvorlege lovbrota er ran, drap, innbrot eller valdtekt. I slike saker er det den offentlege påtalemakta som reiser tiltale for ein domstol. Den aller øvste leiaren for påtalemakta er riksadvokaten. Under seg har han statsadvokatar og politimeistrar.

Mindre alvorlege lovbrot blir vanlegvis straffa med pengebøter, for eksempel om du køyrer for fort. Bota kan vedta på staden om mogleg. Eit unntak er promillekøyring, der straffa er fengsel, som ein domstol dømmer deg til.

Relatert innhald

Rettsapparatet og borgarane – likskap for lova? Idealet er at det skal vere likskap for lova. Det er eit kjenneteikn ved ein rettsstat og eit demokrati.

CC BY-NC-SASkrive av Erik Sølvberg. Rettshavar: Fagbokforlaget
Sist fagleg oppdatert 22.11.2018

Læringsressursar

Kriminalitet