Hopp til innhald

Fagstoff

Storleikar på ark

Sjølv om ein i dag nesten berre teiknar ved hjelp av dataprogram, er det behov for å kunne printe teikningane på papir. Standarden ISO 216 seier noko om kor stort eit papirark skal vere. Du har kanskje høyrt at eit vanleg printer-ark er i A4-storleik?
Oppsett og mål på ulike arkstørrelser fra A8 og opp til A0. Illustrasjon.

Standard ISO 216

A-serien følgjer eit system der ein tar utgangspunkt i storleiken 1189 x 841 mm, som svarer til 1 m2. Denne storleiken heiter A0. Brettar vi eit A0-ark på midten, har vi storleiken A1. Brettar vi det ein gong til, blir storleiken A2.

For teikningar er desse storleikane mest aktuelle:

Arkstorleik

Lengd

Breidd

A4

297mm

210mm

A3

420mm

297mm

A2

594mm

420mm

A1

841mm

594mm

A0

1189mm

841mm

Søk på “papirstorleikar” på internett vil òg vise deg at det ikkje finst berre éin internasjonal standard på papirstorleikar. Vi har både A, B og C-serie.

CC BY-SASkrive av Arild Haddal og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 11.09.2018

Læringsressursar

Teikningar