Hopp til innhald

Fagstoff

Andre linjetypar

I tillegg til grov heil-linje og fin stipla linje har vi fleire andre linjetypar. Der er mykje anna informasjon enn konturar som skal visast i ei teikning, og ulik informasjon blir presentert med ulike typar linjer. Dette gjer vi for å gjere teikninga enklare å lese.
Bilde. Tegning av senterlinje.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Senterlinjer

Senterlinjer blir teikna med fin strekpunkt-linje. Denne linjetypen blir teikna med same tjukkleik som fin heil-linje, men med vekselvis en kort strek og ein prikk. Senterlinja skal vise kor senter på komponenten er. Eksempelet under viser ein rund aksling. Sett frå enden ser vi senterlinja som eit kryss, og sett frå sida er senterlinja teikna langs senter av akslingen. Legg merke til at senterlinja startar og sluttar litt utanfor ytre konturlinje.

Bilde. Tegning av symmetrilinjer.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Symmetrilinjer blir teikna med same linjetype som senterlinjene. Ei slik linje skal vise at ein del er symmetrisk om denne linja. Det betyr at delen er spegelvend om linja. Dette gjer det enklare for oss å setje mål på teikningar, då vi berre treng å setje mål på eine sida av delen.

Projeksjonslinjer eller overføringslinjer

Bilde. Tegning av projeksjonslinjer.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Projeksjonslinjer blir teikna med fin heil-linje. Denne har same tjukkleik som fin stipla linje. Denne linjetypen kan vi bruke når vi skal konstruere dei ulike rissa. Teikninga over viser korleis ein har henta informasjon frå eit riss til eit anna, via ei linje med vinkel 45 grader. Her har risset sett ovanfrå blitt teikna ved hjelp av informasjon frå dei to andre rissa. Hugs at når projeksjonslinja er teikna 45 grader frå hjørnet av hovudrisset, blir det same avstand frå hovudrisset til begge dei andre rissa når ein bruker overføringslinjer.

Gjenger

Bilde. Tegning av innvendig gjenge.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teikning av gjenger utvendig og innvendig gjer vi òg med fin heil-linje. Fin heil-linje viser kvar gjengebotn er. Grov heil-linje viser for innvendig gjenge kor stort hol ein kan sjå. Med andre ord veslediameter til gjengen, eller den dimensjonen det er på boren ein borer med før gjenging. For utvendig gjenge er det motsett; Grov heil-linje viser stordiameter på gjengen, og fin heil-linje viser veslediameter. Hugseregelen her er at gjenger (fin heil-linje) skal teiknast på den sida av grov heil-linje der det er materiale.

Innvendige gjenger som er skjulte, blir teikna med dobbel fin stipla linje. Ei linje for veslediameter og ei for stordiameter.

Gjenger i snitt

Snitt i flere plan. tegning.

Gjenger i snitt teiknast med grov heillinje for veslediameter, og fin heil-linje for stordiameter. Skraveringa skal gå heile vegen inn til veslediameter. Dersom skruar står i holet, teiknar vi dei ikkje som snitt, men som vanleg riss. Vi vil oppleve at denne regelen ikkje blir følgt når vi genererer arbeidsteikningar frå 3D-modellar. Likevel er det greitt å vite om regelen om ein kjem borti teikningar som er teikna manuelt.

Skravering

Skravering, som nemnt over, blir generelt teikna med fin heillinje. Det finnes elles mange ulike typar skraveringar for ulike typar material.

Målgrenselinjer og mållinjer

Målgrenselinjer og mållinjer blir også tegnet med fin hellinje. Mållinjen er den som har pil i endene, og målgrenselinjen er den linjen som pilene peker mot.

Bilde. Mållinje og målgrenselinje.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Arild Haddal og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 11.09.2018

Læringsressursar

Teikningar