Oppgåve: Drøfte

Hatprat? Hatytringar?

Publisert: 05.09.2018, Oppdatert: 03.10.2018

Kva handlar hatytringar om? I denne filmen diskuterer elevar, ein forskar og politiet kva dette betyr og fører med seg. Sjå filmen, og jobb deretter med oppgåve 1 og 2 munnleg eller skriftleg.

Oppgåve 1:

  1. Det er ofte diskusjon om kva som er skilnaden mellom fornærmingar og hatefulle ytringar, og korleis ytringsfridom kan definerast. Kva meiner du kan kallast hatefulle ytringar? Kan du gi nokre eksempel?
  2. Anna Birgitta Nilsen, professor og forfattar av "Hatprat", seier noko om korleis ein kan karakterisere hatefulle ytringar.
    Kva er det ho peikar på når vi skal definere og forklare kva hatefulle ytringar er? Nilsen påpeikar òg at hatytringar er ei utfordring for demokratiet. Kva betyr det, ifølgje Nilsen?
  3. Politiet sin nettpatrulje er ein viktig instans i arbeidet mot hatytringar, og i videoen forklarer dei korleis dei jobbar aktivt mot hatytringar. Korleis jobbar politiet? Kva kan konsekvensane av hatytringar bli når politiet følgjer opp ulike saker?

Oppgåve 2:

Det finst mange informasjonsressursar om dette emnet. Ein av dei er:

Bufdir informasjonsside om hatytringar

  1. Les informasjonssida om "Hva er hatytringer" i lenka over. Korleis blir hatytringar definerte? Kva for kjenneteikn har slike ytringar, ifølgje denne teksten?
  2. På sida finn du fleire eksempel der det har blitt avsagt dommar etter straffelova sin §185 (hatefulle ytringar). Søk opp lova og paragrafen på Lovdata.no. Kva seier denne paragrafen?