Fagstoff

Sanksjonar

Publisert: 06.09.2018, Oppdatert: 03.10.2018

Sanksjonar er reaksjonar på brot på normene. Sidan vi har både formelle normer og uformelle normer, har vi dermed òg formelle og uformelle sanksjonar.

En mann blir ført i arresten av to politibetjenter. Foto.

Sanksjonar og sosial kontroll

Eit vilkår for at normene skal fungere styrande på handlingane våre, er at det er knytte sanksjonar til dei. Det betyr at straff og påskjønning, eller truslar om straff og løfter om påskjønning, styrer åtferda vår i gitte situasjonar. Dette kallar vi sosial kontroll.

Formelle og uformelle sanksjonar

Du har lært at vi har formelle og uformelle normer. Sanksjonane på avvik frå eller brot på desse normene følgjer alvoret i avviket. Sanksjonane, saman med normene og reglane, er med og påverkar åtferda vår ved at forventa åtferd blir lønna, og avvik blir straffa. Vi lærer etterkvart at det er slik, og vi innrettar oss etter det, ubevisst eller bevisst. Når vi automatisk oppfyller normene og reglane i vår daglege omgang med dei andre medlemene i ei sosial gruppe, seier vi at normene er blitt internalisterte i oss.

Formelle normer er dei lovene og reglane vi har i samfunnet. Sanksjonar på brot på desse kan vere bøter eller fengsel, alt etter alvoret i lovbrotet.

Uformelle normer handlar meir om ei forventning om korleis vi skal oppføre oss i gitte situasjonar, og sanksjonane vil dermed vere ein reaksjon på avvik frå dei uformelle normene. Dette kan vere forventningar om at barn skal ete grønsakene, at du skal gjere leksene dine, eller korleis ein oppfører seg på bussen.

Positive og negative sanksjonar

Sanksjonar kan vere av både positiv og negativ art. Positive sanksjonar kan vi òg kalle for påskjønning. Føremålet med positive sanksjonar er å forsterke ønska åtferd. Negative sanksjonar er i mange tilfelle det same som straff, og då ønsker vi å korrigere åtferd som vi ikkje ønsker.

Sanksjonar på avvik

I samband med sosiale avvik kan vi òg snakke om stempling.

Det er to grupper som kan bli definerte som avvikarar. For det første er det dei som har ei åtferd som folk ser på som upassande, som blir stempla som avvikarar. For det andre gjeld det dei som faktisk gjer noko gale, og dermed bryt reglane.

Ein person må ikkje nødvendigvis ha gjort eit lovbrot for å bli stempla som avvikar. Personar som av ein eller annan grunn ikkje er aksepterte, vil bli stempla som avvikarar uansett kva dei gjer. Samtidig hender det at personar med høg sosial status kan utføre handlingar utan at det blir reagert med sanksjonar, handlingar som personar utan høg sosial status ville ha blitt straffa for.