Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Undersøk referansar og lisensar

Undersøk korleis referanser til kjelder og lisensar for innhald er oppførte i leksikonartiklar, i kunnskapsartikar og i journalistiske arbeid. Samarbeid i grupper og drøft til slutt kvifor det er skilnadar.
En supermann med koffert som skal ut og sjekke ting. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Kva for ulike lisensar har innhaldet i NDLA-artikkelen?

Ulike lisensar gjeld og må kunne visast for innhaldet i ein artikkel som er sett saman av bilete, tekst og video.

Kva for ulike lisenser har dei ulike delane av innhaldet i artikkelen Veiviseren (Ofelaš) ?

2. Kva for referansar og lisensar finn du i artikkelen frå Store norske leksikon?

Forfattarane av artiklar i Store norske leksikon kan sjølve bestemme kor åpen lisens dei ønsker å sette på sitt eige arbeid. Tekst, illustrasjonar og bilete kan òg her ha ein annan lisens enn teksten. I artikkelen finn du òg nokon referansar og tips til vidare lesing.

Kva slags ulike lisensar og referansar finn du i denne artikkelen Store norske leksikon: Aftenposten ?

3. Undersøk referansar og lisensar i en artikkel frå Wikipedia

Artiklar på Wikipedia har open lisens. Finn du han? Korleis blir referansar førte opp? Finn du ulike måtar det blir gjort på?

Undersøk til dømes denne artikkelen: Wikipedia: Leonardo da Vinci.

4. Undersøk referansar i en nyhetsartikkel

I journalistisk arbeid kan referansar til kjelder vere meir direkte og personlege, og mindre formaliserte. Kan du finne ut korleis det slår ut i artikkelen nedanfor? Kan du identifisere rettigheitshavarar til bilete og tekst? Finn du elles nokre tegn til lisensar?

Forskar slår alarm: – 15-åringar slit med å finne fram på nett

5. Kva for referansar og lisensar finn du i ei nyheitssending?

Finn fram til ei TV-nyheitssending på nett. Sjå gjerne gjennom fleire nyheiter. Korleis blir det referert til kjelder? Korleis er opphavsrettiar synleggjort? Finn du oppgitte lisensar?

6. Kva fann de?

  • Oppsummer arbeidet dykkar i plenum.
  • Diskuter kva som er skilnaden på bruk av referansar og lisensar i elevarbeid, i kunnskapsartiklar og i journalistikk.
  • Drøft kvifor desse skilnadane finnast.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2018

Læringsressursar

Referansar og lisensar