Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bruk omgrepa og drøft

Ordsky med omgrep knytte til sosialisering. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Skriv ein resonnerande tekst der du drøftar korleis sosialiseringsprosessen formar deg som menneske. Bruk fagomgrepa under i teksten.

  • sosialisering
  • sosiale grupper
  • normer
  • uformelle normer
  • formelle normer
  • samfunn
  • sosialiseringsarenaer
  • identitet
  • primærgruppe
  • referansegruppe
  • sekundærgruppe
  • sanksjonar
  • sjølvbilete
  • generaliserte andre
  • prefigurativ sosialisering
  • normsendar
  • sekularisering

Oppgåve 2

Refleksjonsoppgåve: Kan «gammal» teori vere eit nyttig verktøy når det gjeld å forstå og forklare samfunnsfenomen og prosessar i dagens samfunn? Kva kan vi lære av det?

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Sosialisering i ulike kulturar og grupper