Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder definisjonar av religion

De har no lært om ulike religionsdefinisjonar og kva krav som blir stilte for at ein definisjon skal vere god. No er det på tide å summere opp det de har lært.
Monster som består av spagetti med kjøttbollar som to store auge. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskuter desse spørsmåla i klassen:

  1. Hent fram dei definisjonane de lagde i første trinn i denne læringsstien. Er definisjonane funksjonalistiske eller substansielle?
  2. Vel ein definisjon. Diskuter om denne definisjonen passar på desse fenomena:
    • buddhisme
    • astrologi
    • human-etikk
    • nazisme
    • beliebers
  3. Kven av desse fem fenomena meiner de bør kunne kallast religion?
  4. Søk etter informasjon om kva pastafarianisme er. Diskuter om pastafarianisme kan kallast ein religion.
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2022

Læringsressursar

Religionskunnskap