Fagstoff

Frå KRLE til religion og etikk

Publisert: 04.07.2018

Vi lever i ei mangfaldig verd der forståing for religion og etikk er viktigare enn nokosinne. Kvar dag forheld du deg til menneske som har ei anna oppfatning om kva som er rett og gale, og kva som er sant og usant.

Kart der verdensdelene består at en samling av personer. Illustrasjon.  

Et haldningsdannande fag

Religion og etikk er eit haldningsdannande fag. Det vil seie at du gjennom arbeidet med dette faget ikkje berre skal opparbeide deg kunnskap, men du skal òg utvikle forståing og respekt for andre sitt syn på verda. Slik skal du òg bli meir bevisst på din eigen identitet, dine eigne meiningar og vala du gjer i livet.

Eit Vg3-fag

Faget religion og etikk byggjer vidare på KRLE-faget du hadde på grunnskulen. På vidaregåande er faget lagt til Vg3 i studieførebuande utdanningsprogram. Dette inneber at forventningane til deg som elev er ein del høgare enn då du lærte om desse temaa sist. Det at du no er eldre, inneber at du har meir livserfaring, du kan reflektere over meir avanserte spørsmål, og du kan analysere og forstå vanskelegare samanhengar.

Det at du gjennomfører eit studieførebuande utdanningsprogram, inneber dessutan at du skal ha ei meir vitskapleg tilnærming til faget – du skal begynne å tenkje som ein student. Derfor skal du lære om teoriar og bruke dei til å analysere, samanlikne, finne samanhengar og gjere eigne vurderingar. Du skal òg bli flink til å finne og vurdere kjelder og bruke dei på rett måte.

Fagomgrep

Kvifor er desse omgrepa viktige i faget religion og etikk?

  • mangfald
  • haldningar
  • forståing
  • respekt
  • identitet