Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva gjer eit liv verdt å leve?

Kva gjer eit liv verdt å leve? Har vi menneske rett til å sortere ut liv vi ikkje trur byr på den same livskvaliteten?
Seks babystoler på rad etter hverandre. Fire er hvite, to er gule. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I radioprogrammet Verdibørsen 2.1.2018 diskuterer filosofane Kaja Melsom, Ole Martin Moen og Espen Gamlund, eit utsegn frå filosofen Aksel Braanen Sterri der han argumenterer for at menneske med Downs syndrom har lågare livskvalitet enn menneske utan. Utsegnet hans blei tolka som eit innlegg i debatten om abort.

Høyr på eit utdrag frå programmet Verdibørsen:

Søk deretter etter informasjon på Internett om kor mange i Noreg som vel abort når dei får vite at dei ventar eit barn med Downs syndrom.

Skriveoppgåve

Skriv eit kort lesarinnlegg, essay eller kåseri med tittelen Kva gjer eit liv verdt å leve?

Teksten bør innehalde:

  • omgrepa fullverdig liv, skråplaneffekt, pliktetikk og konsekvensetikk
  • kva val du vil ta dersom du får vite at du skal bli foreldre til eit barn med Downs syndrom
  • korleis du stiller du deg til tanken om design av babyar
  • korleis du ser for deg framtida på dette området, og kva du meiner bør gjerast for å påverke henne i riktig retning

Be om tilbakemelding på teksten frå lærar eller ein medelev.

CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Etiske problemstillingar