Oppgåve

Lag ei ordsky om det gode livet

Publisert: 04.07.2018

Kva er eit godt liv? Lag ei ordsky som viser kva gutane og jentene i klassen din assosierer med det gode livet.

En lykkelig mann gjør et kjempehopp. Foto.    

Gruppeoppgåve

Del klassen inn i to grupper etter kjønn. Alle jentene skriv ned fem ord som dei meiner beskriv det gode livet. Gutegruppa gjer det same. Deretter legg gruppene svaret inn i ei ordsky.

Skriv stikkord. Dersom du for eksempel meiner at det gode livet er å vere saman med familien,  skriv du stikkordet «familie». Om nokon andre har notert det same stikkordet, skriv de dette inn fleire gonger. Det er nemleg talet på like svar som avgjer kor stort ordet blir i ordskya.

De kan bruke nettverktøyet Wordclouds til å lage ordskyer.

Diskuter i klassen:

  • Er det forskjell på kva gutar og jenter oppfattar som det gode livet?
  • Kva kan i så fall vere grunnen til det?