Oppgåve

Spørsmål til filmen Mennesket og naturen

Publisert: 04.07.2018

Sjå undervisningsfilmen om mennesket og naturen. Jobb så med spørsmåla nedanfor, først to og to i ca. ti minutt, deretter i plenum.

Mennesket og naturen  

Diskuter desse spørsmåla to og to, og deretter i klassen:

  1. Stipendiat i filosofi, Sigurd Hverven, snakkar om kva som truar berekrafta til kloden. Kva problem peikar han på?
  2. Kunstnaren Tore Reisch bruker kunsten sin til å skape ein refleksjon om mennesket sitt forhold til naturen. Han hevdar at det som forårsakar at vi lever lite beredyktig, er at vi no har det så trygt og godt, og det ønskjer vi ikkje å gi slepp på. Diskuter dette utsegnet.
  3. Hverven diskuterer spørsmålet: Har naturen ein eigenverdi? Kva er det viktigaste argumentet for å ta vare på naturen?
    • at alle artar er ei viktig brikke i økosystemet?
    • at menneske treng naturen for å overleve?
    • at dyr også har kjensler?
  4. Reisch peikar på at vår største miljøtrussel er overbefolkning.
    • Diskuter, med utgangspunkt i etiske modellar, spørsmålet: Bør vi redusere befolkningsveksten for å redde miljøet?
  5. Er det gale å ete kjøtt? Begrunn svaret ditt.
  6. Kva ansvar har vi, du og eg, for å sikre ei berekraftig utvikling, ifølgje dei tre som blir intervjua?
  7. Kva er samfunnet sitt ansvar?