Fagstoff

Strukturert filosofisk samtale

Publisert: 04.07.2018

Strukturert filosofisk samtale er ein måte å organisere ein samtale på, der elevane i fellesskap reflekterer over eit filosofisk spørsmål.

Profiler av personer i samtale. Illustrasjon.  

Slik gjennomfører klassen ein strukturert filosofisk samtale:

  1. Vel eit filosofisk spørsmål de skal samtale om. Kvar elev får tre minuttar til å skrive ned tankar om spørsmålet i form av påstandar, spørsmål eller meir lause assosiasjonar.
  2. Elevane blir delte inn i grupper på tre til fire og presenterer tankane sine for kvarandre. Vel ut eitt moment gruppa vil ha med vidare i samtalen med heile klassen. Læraren, eller ein elev, skriv ned gruppene sine moment på tavla. De kan også bruke det digitale verktøyet Samtavla, som er utvikla av Insitutt for pedagogikk ved Universitetet i Oslo.
  3. Klassen blir einige om nokre moment dei skal ta med seg vidare i ein filosofisk samtale, for eksempel tre moment. Ein kan bli einige om dette gjennom avstemming eller gjennom å identifisere moment som naturleg tilhøyrer same kategori.
  4. Klassen set seg i ein ring, slik at alle ser kvarandre. Ein kan anten velje ein ordstyrar, eller læraren kan styre samtalen.
  5. Ein elev startar samtalen med å kommentere eit spørsmål, ein påstand eller ein tanke de har blitt einige om å samtale vidare om. Turen går så vidare til andre som har innspel.
  6. Det er viktig at alle forsøkjer å bidra til at samtalen blir open, utforskande og undrande. Lytt til, og ha respekt for, andre sine meiningar og grunngi dine eigne.
  7. Som avslutning kan de skrive ein kort logg der de oppsummerer kva de sjølv meiner har komme fram av moglege svar på det filosofiske spørsmålet de tok utgangspunkt i.
  8. Oppsummer så i fellesskap kva de lærte gjennom denne måten å samtale på.