Hopp til innhald

Fagstoff

Livet etter ein skogbrann

Heile 27 000 dekar skog blei svidd av då ein av dei verste skogbrannane i noregshistoria herja Mykland i Froland kommune i Aust-Agder sommaren 2008. Arealet svarer til 4200 fotballbanar. Ikkje sidan midt på 1800-talet har vi hatt ein meir dramatisk skogbrann her til lands.

Flammane rasa i seks dagar

Flammane rasa i seks dagar, og røyken var så kraftig at han var synleg frå satellittar 800 kilometer ute i verdsrommet. Til og med danskane på Nord-Jylland kjende lukta og trudde det brann i nabolaget.

Seks dagar slost brannfolk, Heimevernet, sivilforsvaret og frivillige – i alt 790 mann – mot flammane. Men jamvel med assistanse frå 15 helikopter greidde dei ikkje å hindre at store skogverdiar gjekk tapt. Froland kommune og forsikringsselskapa har nyleg rekna ut at brannen til saman kosta samfunnet 100 millionar kroner.

Skogbrannar er vanlege

Skog som brenn og to dyr står i elva. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvart år gjel den raude hanen gjennomsnittleg 1100 gonger i skogane i Noreg. Berre heilt få blir omtalte i media. Som oftast blir brannane stoppa tidleg. Dei som utviklar seg vidare, er vanlegvis små. Over 80 prosent får eit omfang på mindre enn fem dekar, og berre 2 prosent er på over hundre dekar. Dei to største skogbrannane vi veit om i Noreg, herja i Rendalen somrane 1851 og 1852. Kvar av dei la 30 000–40 000 dekar i oske.

Sjølv om talet på skogbrannar er høgt, har det faktisk gått ned dei siste 25 åra. Mindre enn ein tidels promille av all produktiv skog i Noreg blir øydelagd av brann kvart år, det vil seie om lag 315 dekar av totalt 7,4 millionar dekar. Nedgangen kjem av eit fuktigare klima, betre overvaking, eit betre utbygd vegnett, betre sløkkingsutstyr og betre sløkkingsmetodar. Lovendringar har òg hatt mykje å seie. Det er for eksempel ikkje lenger lov å brenne bråte eller lyng om våren, og bålbrenning i utmark er forbode mellom 15. april og 15. september.

Nesten alle skogbrannane kjem av menneskeleg påverknad. Alt i alt reknar ein med at 90 prosent er utløyst av næringsverksemd, av elektriske leidningar som fell ned, eller av gneistar frå jernbanen. Uvettig bålbrenning er òg ei viktig årsak. Dei resterande 10 prosentane oppstår som følgje av lynnedslag. Sannsynlegvis var det gneistar frå ein anleggsmaskin som utløyste brannen i Froland.

Ikkje-katastrofal katastrofe

Det er ikkje berre tømmer som skulle ha vore brukt til byggjemateriale eller papir, som går tapt når flammane heimsøkjer skogen. Verdifulle planteartar kan forsvinne, dyr og fuglar stryk med eller mistar territorium, hi og reir blir offer for flammane. Samtidig brenn det øvste jordlaget bort, og dermed forsvinn både plantenæring og frø som låg klare til å spire i jorda. Somme stader er skogen med på å hindre erosjon. Når trea blir borte, kan vi få jordras eller flaumar – og skadeverknadene av brannen blir endå større.

Men om ein skogbrann verkar svært dramatisk, er han faktisk ingen katastrofe for naturen. Tvert imot. Brannen gir skogen ein sjanse til å fornye seg. Der trea har fått vekse i ro og fred i hundre år, har det danna seg eit tjukt humuslag på bakken. Jordsmonnet blir stadig surare av alle barnålene som dett ned frå trea. Dermed går nedbrytinga av barnåler, blad og kvistar tregare og tregare. Frøa får vanskar med å slå rot og spire, og planterøtene får ikkje tak i nok næring.

Ein brann røskar opp i denne tilstanden. Når flammane fer gjennom skogen, brenn det gamle strøfallet opp, pH-verdien stig, og mykje næring i jorda blir frigjord, til glede for nye plantar. Trekolet på branntomta fangar opp dei giftige fenolane som har hopa seg opp øvst i bakken, det vil seie det kjemiske stoffet som røtene skil ut for å hindre at frø frå andre artar får spire.

Sigerherrane etter brannen

Bråtestorkenebb som har spirt etter skogbrann. Foto.

I naturen er det kamp om plassen. Ein del organismar får nytt liv på dei opne, brunne skogsområda, eller dei får i det minste eit kort opphald i sola før dei igjen blir utkonkurrerte av sterkare rivalar.

Berre nokre dagar etter ein brann begynner frøa til dei første pionerplantane å spire. Ein av dei er bråtestorkenebben. Frøa til denne planten har lege lenge i jorda og berre venta på ein brann. Dei treng nemleg temperaturar på over 60 gradar for å kunne spire. Kort tid etter begynner ein del mosetypar, soppar og grasartar å dukke opp, i tillegg til geitrams og andre artar som er glade i nitrogen. Etter eitt år har bærlyng og små furu- og granspirer fått rotfeste.

Dei særeigne leveforholda på brannflatene blir tilfluktsstad for fleire sjeldne og trua artar. Somme av dei er heilt avhengige av at skogen brenn i ny og ne. Dei blir kalla brannavhengige (pyrofile) artar eller «brannspesialistar». Artar som ikkje er avhengige av skogbrann, men som likevel reagerer positivt på slike katastrofar, blir kalla «brannprofitørar» eller «brannvinnarar».

I Noreg kjenner vi til minst åtte insektartar som nesten berre lever på brannflater. Blant dei er ein del løpebiller og den sotsvarte praktbilla som berre lever i brent tre, og som har eit eige sanseorgan som registrerer infraraude strålar frå brannar. Ein del fugleartar vil òg helst ha ope terreng og liker seg i brannskogen. Gulerle, gulsporv og den sjeldne sporvearten hortulan er blant dei. På denne måten er brannskogen med på å halde oppe det biologiske mangfaldet i naturen.

Svidd skog blir verna

Planter vokser opp etter en skogbrann. Foto.

Året etter skogbrannen i Froland kommune vart eit område på 7111 dekar verna som naturreservat. Formålet med naturreservatet er å verne eit spesielt område med sjeldne varmekjære skogtypar i veksling med heifuruskog som økosystem med alt naturleg plante- og dyreliv. Området er representativt for heilandskapet i indre Agder. Det har derfor særskilt vitskapleg og pedagogisk verdi som referanseområde for undervisning og forsking etter storbrannen i 2008.

Det er ikkje første gongen eit slikt brannreservat blir etablert. Tre andre er tidlegare verna – i kommunane Halden (Østfold), Tokke (Telemark) og Sveio (Hordaland).

Skognæringa og miljøorganisasjonane gjennomførte i 1998 eit felles studieprosjekt, Levende Skog. Konklusjonen frå prosjektet var at ein del av skogarealet alltid bør stå urørt i ti år etter ein brann. Slik blir miljøet for dei brannavhengige artane stimulert, og det biologiske mangfaldet kan utvikle seg.

Varmt og tørt vêr er naturleg nok ei hovudårsak til brannfaren. Men risikoen for at brann oppstår, varierer òg med terrengforholda. Djup skogsjord har evna til å suge opp i seg mykje vatn. Det gir grunnlag for ein artsrik vegetasjon med høgt innhald av fukt, som òg held seg i tørkeperiodar. Grunnlendt skogmark – som det er mykje av i Froland – tørkar derimot lett ut, og brannrisikoen aukar.

Når det blir for tørt, tørkar plantane inn og døyr. I den prosessen slepper dei ut den svært brennbare gassen etylen. Då blir skogen som ei kruttønne. Den største brannfaren er likevel knytt til bartrea. Furu og gran brenn lettare enn lauvtre. Eit godt vern mot brann kan derfor vere å plante blandingsskog. I land der skogbrannfaren er større enn hos oss, blir det planta belte med lauvtre gjennom barskogen for å bryte opp og stoppe utbreiinga av ein eventuell brann.

Satelittbilde av skogbrann. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kilde

Forskrift om verneplan for skog. (2009). Vedlegg 2. Fredning av Myklandsvatna naturreservat (FOR-2009-06-26-885). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2009-06-26-885

CC BY-NC-SASkrive av Einar Gjærevold.
Sist fagleg oppdatert 09.09.2022

Læringsressursar

Biologisk mangfald i skogen