Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein animasjon av ei varmepumpe

Ved hjelp av animasjonverktøyet i PowerPoint, kan du lage ein enkel animasjon som viser korleis ei varmepumpe fungerer. Få kjølemediet til å bevege seg rundt i varmepumpa – legg til forklaringar undervegs.

Din eigen animasjon av ei varmepumpe

Her er nokre tips:

  • Bruk animasjonsverktøyet i PowerPoint. Opne animasjonsruta, for å halde oversikt over alle enkeltanimasjonene du lagar.
  • For å spare tid kan du finne eit bilete som viser heile varmepumpekrinsen. Deretter kan du leggje animasjonar oppå denne.
  • Bruk faguttrykk, men forklar med eigne ord kva dei tyder.
  • Set inn figurar, og finn bilete på nett. Dersom du legg til "png" i søket ditt, får du opp bilete utan bakgrunn. Figurar og bilete som du brukar, kan redigerast i PowerPoint.
  • Når du er ferdig, eksporterer du fila som film. Vis og del filmen med andre.
  • Du kan òg leggje til kommentarar og lydar, viss du vil det.

I denne filmen ser du korleis du kan komme i gang:

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 14.09.2018

Læringsressursar

Energi og berekraft