Fagstoff

Den Europeiske Projeksjonsmetoden

Publisert: 11.09.2018

For å kunne produsere eit produkt med rett kvalitet må ein ha dokumentasjon som fortel maskinoperatøren korleis produktet skal vere. Denne dokumentasjonen vert sett inn eit dokument som heiter arbeidsteikning. I Europa har ein vorte einige om å bruke ein felles standard når ein lagar og les arbeidsteikningar. Denne standarden blir kalla "Den Europeiske Projeksjonsmetoden".

Den Europeiske Projeksjonsmetoden
Forfatter: Arild Haddal

Grunnleggjande teikneforståing

Teikningar inneheld mykje informasjon; mange detaljar som skal til for å gi naudsynt informasjon til operatøren. Her og no skal vi konsentrere oss om det grunnleggjande. Når ein teiknar med Den Europeiske Projeksjonsmetoden, teiknar ein delen sett frå ulike sider. Kvar av desse teikningane blir kalla riss. Det er viktig å få med seg at dette IKKJE er teikning av tre ulike delar, men éin og same del, teikna frå ulike sider.

Ulike sider å sjå delen frå

  • Projeksjon tyder her å sjå frå éi side (ei side er ein projeksjon, f.eks. hovudriss)
  • Riss tyder her å teikne eller skissere delen sett frå berre éi side (hovudriss, sideriss, over/underriss)

Hovudriss – framside

Ein må først definere kva side ein vil bruke som framside/hovudriss. Plassering av dei andre rissa tek alltid utgangspunkt i det vi har definert som hovudriss (framside). På grunn av at Den Europeiske Projeksjonsmetoden nyttar ein teknikk der ein veltar eller rullar delen over mot høgre for å sjå venstre side, vil det alltid vere slik:

  • Hovudriss: den sida som fortel mest om forma til delen
  • Sett frå venstre: alltid plassert rett til høgre for hovudrisset
  • Sett frå høgre: alltid plassert rett til venstre for hovudrisset
  • Sett ovanfrå: alltid plassert rett under hovudrisset
  • Sett nedanfrå: alltid plassert rett over hovudrisset

Når det står skrive rett over og rett til venstre for, meiner ein at rissa skal stå på linje med kvarandre. Eit siste nyttig råd er at avstanden mellom rissa er lik alle vegar. Dette betyr at du vel ein avstand mellom hovudriss og sett frå venstre, eksempelvis 20 mm. Du nyttar då same avstand mellom hovudriss og dei andre rissa. Dette gjer det mogleg å teikne ved hjelp av overføringslinjer mellom rissa.