Hopp til innhald

Spelefilm

Diktatoren

I Diktatoren gjer Chaplin narr av Hitler med morosame parodiar og skarp satire. Filmen står att som eit modig stikk mot intoleranse og antidemokratiske krefter.

Om filmen

Diktatoren var Charlie Chaplin sin første talefilm, og har med tida blitt ein av dei største filmklassikarane i verda. Filmen blei laga i 1940, og er tydeleg politisk i si latterleggjering av den tyske nasjonalsosialismen som råda på denne tida. Vi treffer diktator Adenoid Hynkel, som er faretruande lik Adolf Hitler. Hynkel er leiar for landet Tomania, og det største ønsket hans er å få verdsherredømme. Den jødiske barberaren, som er prikk lik Hynkel, prøver på si side å unngå forfølging frå diktatoren. Med parodiar og komikk stiller Chaplin spørsmål ved grunnhaldningane til nazismen. Diktatoren blei nominert til fem Oscars i 1941, blant anna for beste film.

Ikkje berre slapstick

Sjølv om Diktatoren først og fremst er ein komedie, er filmen både viktig og modig når ein veit korleis verdshistoria seinare utvikla seg. Den generelle amerikanske haldninga var i 1940 at Hitler berre var ein klovn som ein måtte le av, heller enn ei plage ein burde frykte. Det var først seinare at det gjekk opp for amerikanarane kva slags trugsel Hitler faktisk var. Politisk stilte USA seg nøytrale til verdskrigen som utspelte seg i Europa i 1940, og filmstudioa var skeptiske til å støtte opp om ein film som var tydeleg i sin kritikk av nazismen. Chaplin måtte derfor finansiere brorparten av Diktatoren sjølv. USA kom først med i andre verdskrigen etter det japanske angrepet på den amerikanske marinebasen Pearl Harbor i desember 1941.

Kontroversielt filmgeni

Charlie Chaplin (1889–1977) er for mange jamstilt med rolla si som Landstrykaren. Denne litt klumsete figuren med bart og bowlerhatt, stokk, for store bukser og sko er blitt ikonisk og synonymt med stumfilmen sine glansdagar. Chaplin og slapstick-filmane hans blei raskt populære i USA, og etter første verdskrigen var Chaplin ein av dei mest populære stumfilmskodespelarane i landet. Chaplin skreiv, produserte, regisserte, spelte og komponerte etter kvart også musikken til dei fleste av filmane sine sjølv, og mange av filmane hans blei enorme suksessar.

Chaplin har i filmane sine alltid retta eit empatisk blikk mot taparane i samfunnet. Han tematiserte ofte klasseskilje, fattigdom og industrialiseringa sine skuggesider. I Diktatoren rettar han blikket mot storpolitikken, og tek eit oppgjer mot nazismen og antidemokratiske krefter.

Etter kvart blei Chaplin sjølv skulda for å drive uamerikansk verksemd. Amerikansk politisk leiing hevda at Chaplin hadde venstreradikale og kommunistiske tankar. Han blei derfor, etter ein London-premiere i 1952, nekta innreise til USA att viss han ikkje samarbeidde med amerikansk etterretning. I protest busette Chaplin seg heller i Sveits frå 1953, og han budde der til han døydde i 1977.

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 24.08.2020

Læringsressursar

Filmhistorie