Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Score

Musikk kan forme, endre og i verste fall undergrave kva ein filmskapar prøver å kommunisere. I Score får vi eit eksklusivt møte med verdas største komponistar innanfor filmmusikk. Vi får sjå korleis dei jobbar, og vi får oppleve på nytt nokre av dei største augeblinkane gjennom filmhistoria.

Om filmen

Sjå for deg filmen Haisommer utan dei to skremmande og intense notene som filmmusikken er bygd opp av. Hadde du blitt like skremd utan musikken? Eller sjå for deg scenen med bileta av plastikkposen som dansar i vinden i den Oscar-vinnande filmen American Beauty. Ta så vekk det enkle, men vakre piano-temaet til Thomas Newman. Hadde ein blitt like fascinert eller rørt utan musikken? Eller hadde ein berre følt at det berre var to menneske som sit og ser på søppel som blæs i vinden?

Ein er kanskje ikkje klar over det, men svaret er at filmmusikk spelar ei uhyre viktig rolle i korleis ein reagerer og får fram kjensler gjennom ein film.

I Score får vi eit underhaldande intensivkurs på nitti minuttar i korleis ein lagar filmmusikk. Vi får vere fluge på veggen når regissør og komponist har dei første innleiande samtalane, til filmen er klipt og klar for kinosalen. Vi får sjå korleis mange av verdas beste filmkomponistar og regissørar jobbar. Vi får høyre dei innste tankane deira om jobben, filmbransjen og ikkje minst presset dei fleste av dei kjenner på.

Filmhistorie

Musikk og film har alltid høyrt saman. Samarbeidet går heilt attende til starten, til Lumière-brørne si tid då ein brukte musikk på stumfilmane for å skjule lyden frå dei gamle og bråkete projektorane.

I tillegg til å lære meir om korleis filmmusikk blir til, får vi også eit gjensyn med nye og gamle filmperler gjennom historia. Vi får også sjå korleis filmmusikken har forandra seg gjennom tidene – frå å vere representert ved berre ein enkel pianist som spelte direkte mens filmen gjekk for seg – til store innspelingar med fullt symfoniorkester som tel opp mot hundre musikarar.

Uansett har komponistane framleis det same målet – at filmpublikummet skal bli rørt.

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Filmproduksjon