Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder spelet Pac-Man

Spel, vurder og diskuter spelet Pac-Man.
Pac-Man-spillet. Bilde.

Spel Pac-Man og svar på spørsmåla:

Søk 'play pac-man' i ein nettlesar. Spel, last ned eller godkjenn Flash, avhengig av kva du synest er enklast å få til.

  1. Korleis spelar ein Pac-Man?
  2. Kva er poenget med spelet?
  3. Beskriv dei visuelle og auditive elementa (figurar, fargar, lydar) i spelet.
  4. Kva for reglar gjeld i spelet?
  5. Korleis vinn ein spelet?

Snakk med ein medelev:

  • Har de spelt Pac-Man tidlegare?
  • Kva for spel har de spelt tidlegare som liknar mest på Pac-Man?
  • Kva for spel likar de best å spele, eller har de likt best å spele?
  • Kva med desse spela er det som de likar så godt?

Relatert innhald

Når vi speler dataspel, er vi framoverlente og gjer aktive handlingar. Kva kjenneteiknar dataspel? Korleis engasjerer dei brukarane?

CC BY-SASkrive av Hans Petter Ellingsen og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 19.06.2018

Læringsressursar

Underhaldning