Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder innhaldet i ei kvensk avis

Ruijan Kaiku er ei fri og uavhengig nyheitsavis for kvener, norskfinnar og finlendarar i Noreg. Avisa er den einaste norske avisa som prioriterer kvensk og finsk stoff.
Framsida til den kvenske avisa Ruijan Kaiku 29 mars 2021. Hovedbildet viser en ung kvinne som smiler og holder mye garn i hendene. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Studer nettutgåva av avisa Ruijan Kaiku

  1. Kva språk er avisa skriven på?
  2. Kvifor trur du det er slik? Tenk deg grundig om før du svarer.
  3. Lag ei liste over hovudoppslaga i Ruijan Kaiku. Grupper sakene tematisk. Kva handlar dei om?
  4. Sjekk om nokre av desse sakene er dekte i andre norske aviser. Viss ikkje, kvifor trur du det er slik?
  5. Viss fleire aviser dekkjer same sak: Er sakene vinkla på same måte? Forklar eventuelle forskjellar.
  6. Kva betydning trur du aviser som Ruijan Kaiku har for nasjonale minoritetar i det norske samfunnet?

Relatert innhald

I Noreg finst det i dag aviser på minoritetsspråka samisk og kvensk. Nokre innvandrarar les helst aviser frå heimlandet, på morsmålet.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 19.01.2021

Læringsressursar

Representasjon i media