Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Reklamehistorie frå 1850 til vår tid

Reklamehistoria viser oss at reklamen i aviser og vekeblad har endra seg vesentleg frå 1850 og fram til i dag. I denne oppgåva skal de gjere greie for kva desse endringane går ut på, og tenkje dykk korleis ein annonse for ei bestemt vare vil komme til å sjå ut i framtida.
Reklame for Lipton te fra 1976. En familie sitter rundt et bord og drikker te. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  1. Gjer reie for dei viktigaste endringane i innhald og utforming av norsk reklame frå 1850 og fram til i dag.
  2. Korleis speglar dei ulike forskjellane du finn endringar i samfunnet i denne tidsperioden?
  3. Kva fortel det om medieutviklinga og endringar i folk sin mediebruk dei siste hundre åra?

Oppgåve 2

Drøft følgjande påstand i klassen eller i mindre grupper:

  • Reklamen frå 2000-talet har større påverknadskraft enn reklamen på 1800- og 1900-talet.

Oppgåve 3

Vel ein eldre reklame der produktet står i fokus og ein nyare reklame som fokuserer på produktet i bruk eller opplevingar knytte til produktet.

Beskriv korleis dei to produkta er utforma.

  • Kva er likt?
  • Kva er ulikt?

Oppgåve 4

Jobb saman to og to. Vel ei vare og beskriv korleis ein reklame for denne vara vil sjå ut når dykk er 50 år gamle.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske hendingar