Fagstoff

Norsk språk

Publisert: 16.08.2009, Oppdatert: 03.03.2017
Hanna og Astrid. Foto.Hanna og Astrid   
Astrid er fødd og oppvaksen i Noreg. Hanna kjem frå Irak. Hanna sitt morsmål er arabisk, men ho har òg lært seg tyrkisk og norsk. Astrid har lært engelsk og fransk på skolen, og har gått eitt år på skole i Frankrike. I kapitlet Norsk språk deler dei to jentene nokre tankar med oss om norsk språk samanlikna med andre språk i verda.

I tillegg møter du høgskolelektor Jan K. Hognestad frå Universitetet i Agder. Han fortel kva som er typisk for norske språklydar, norske ord og norske setningar.

Dette kapitlet inneheld fire delkapittel:

  • Språket som system
  • Norske språklydar
  • Norske ord
  • Norske setningar
Du finn oppgåver til kvart delkapittel i MiniXperten. Dessutan ligg det oppsummeringsspørsmål på NDLA-sidene.

MiniXperten er utvikla i samarbeid mellom NDLA og DialektXperten. Fagstoff og oppgåver i MiniXperten blir opna i eit nytt vindauge når du klikkar på lenkjene. Du må lukke dette vindauget for å komme tilbake til NDLA-sidene.

Slik bruker du MiniXperten  

Nedst på sida kan du laste ned tekstversjonen av dette delkapitlet som pdf-fil.