Kultur og verdiar
Identiteten din blir mellom anna forma av den kulturen du lever i. I eit land som Noreg finst det fleire verdiar som representerer kjerneverdiar i landet på godt og vondt. Ein av dei mest sentrale verdiane våre, er at vi er eit demokrati. Ein annan at vi er eit rettssamfunn, som har stort fokus på rettane til individet og på dei universelle menneskerettane. Dette er verdiar vi kan dele eller ta avstand frå, men dei er likevel med på å forme dei moglegheitene vi har som menneske i Noreg. Verdiane er djupt forankra i den norske kulturen og bygd inn i viktige samfunnsinstitusjonar, som skulesystemet og rettsvesenet, og ikkje minst i det politiske systemet som styrer landet vårt.
I tenåra
I tenåra speler ungdomskulturen eller andre subkulturar innanfor musikk, spel, sportsaktivitetar og anna ei større rolle. Fotballaget, tennisklubben eller bandet du er med i, er med på å gi deg impulsar og forme deg som menneske. Samhandlinga i slike aktivitetar overfører verdiar, haldningar og meiningar som deltakarane må akseptere for å delta, og som dei må gjere til sine eigne. Byrjar du å spele fotball, må du kunne reglane, og kan du dei ikkje, får du raskt lære dei. Bryt du reglane, får du raudt kort og får ikkje lenger ta del i spelet. Du må ta straffa for det du har gjort, før du igjen får høve til å delta. Verdien av det som ligg i reglane frå spel og sport, blir også brukt i andre samanhengar. Skal du søkje arbeid, kan du bli spurt om du er ein god lagspelar, og om du kan samarbeide med andre.
Internettet er med på å knyte subkulturar saman. I dag opplever mange unge at dei har meir til felles med menneske i andre land enn med den nærmaste naboen sin. Internettet gjer at ein raskt når ut i verda og kan etablere relasjonar til andre menneske med dei same interessene som ein sjølv.
I arbeidslivet
Når ein er i arbeidslivet, er det fleire verdiar som vedkjem ein, anten ein vil eller ikkje. Verdiane kan til dømes gå på kvaliteten på arbeidet du utfører, og vere målestokk for om du er ein dyktig handverkar eller kvalifisert lærar. Verdiane kan vere knytte til evna di til å gjere din del av arbeidet, til at du gjer den jobben du er sett til, og til at du ikkje lurer deg unna oppgåver du ikkje liker. Skal ein lykkast i arbeidslivet, må ein samhandle godt med kollegaer og gjere arbeidsoppgåvene ein er sett til, på ein tilfredsstillande måte.
Status
Status er viktig for mange menneske. Vi søkjer status gjennom venner, fritidsaktivitetar, utdanning og arbeid. Mange unge, som vaksne, ønskjer ein viss status som individ. Den sosiale statusen din kan byggje på økonomiske moglegheiter, men ein kan ikkje kjøpe lykke for pengar. Den kulturelle kapitalen utgjer ei sentral rolle i utdanningssystemet. Skal ein lykkast i samfunnet, er det viktig at ein får sett draumane sine bli verkelege og hamnar på rett hylle i livet, anten det gjeld utdanning, arbeid eller fritid.