Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Høyr deg sjølv – næringsstoff

Desse oppgåvene om næringsstoff krev at du arbeider med stoffet mens du svarer.
Ung kvinne står ved tavle og underviser om næringspyramiden og tallerkenmodellen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Karbohydrat

  1. Skriv ei reaksjonslikning som viser korleis glukose blir danna.
  2. Forklar korleis eit glukosemolekyl og eit fruktosemolekyl kan gå saman og danne sukrose.
  3. Studer biletet av polysakkarida. Forklar kva som er forskjellane mellom dei.
  4. Kan du forklare kvifor ein tidlegare kalla glykogen for dyrestivelse?
  5. Kvifor bør vi ete mat som er rik på cellulosefibrar, når vi ikkje kan fordøye dei?
Bilete og strukturar som viser ulike polysakkarid. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Protein

  1. Kva for eit grunnstoff finst i protein, men ikkje i karbohydrat eller feitt?
  2. Kan du tenkje deg kvifor det er vanleg å forvelle grønsaker før ein frys dei? (Å forvelle er å gi matvarer eit raskt oppkok.)
  3. Teikn to aminosyrer som reagerer og dannar ei peptidbinding.

Feitt

  1. Teikn eit feittmolekyl. Kva er det som avgjer om feittmolekylet er metta eller umetta?
  2. Kvifor må maten vi et, innehalde feitt?

Alle næringsstoffa

  1. Set opp ein dagsmeny frå og med frukost til og med kveldsmat som inneheld alle næringsstoffa kroppen treng.
  2. Set opp ein dagsmeny frå og med frukost til og med kveldsmat som inneheld alle vitamina og minerala kroppen treng.
  3. Set opp ein dagsmeny som viser kva du pleier å ete.
  4. Samanlikn dei tre dagsmenyane, og finn ut om det vanlege kosthaldet ditt dekkjer behovet du har for næringsstoff, vitamin, mineral og sporstoff.


Menyforslag
Måltid

Dagsmeny som inneheld alle naudsynte næringsstoff

Dagsmeny som inneheld alle naudsynte mineral og vitamin

Typisk dagsmeny for deg

Frukost

Lunsj

Middag

Kveldsmat

Anna (mellommåltid/snacks)

CC BY-SASkrive av Øyvind Bønes. Rettshavarar: Bjørg E. B. Aurebekk og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 17.12.2020

Læringsressursar

Næringsstoff