Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriv mediehistorie 2020–2030

Framtidshistoria er av gode grunnen ikkje skriven. Men det er det du skal gjere no. Tenk deg at året er 2030, og skriv eit blogginnlegg om norsk mediehistorie i perioden 2020–2030.
Kvinne leser blad mens hun kjører førerløs bil. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førearbeid

Start med ei idémyldring, gjerne i grupper:

Korleis ser medielandskapet i Noreg ut i 2030?

  • Kva har skjedd på teknologifronten dei siste ti åra?
  • Kva medium eksisterer, og kva er vortne borte?
  • Korleis pregar den globale mediestrukturen norsk verkelegheit?
  • Kva slags styresett har vi i Noreg i 2030?
  • Og korleis påverkar dette lovverket når det gjeld ytringsfridom, trykkjefridom og mediemangfald?
  • Kva rolle speler media i samfunnsdebatten?

Skrivearbeid

Deretter skriv du eit blogginnlegg på ca. 600 ord med tittelen: Norsk mediehistorie i perioden 2020–2030.

Etterarbeid og vurdering

Be om tilbakemelding frå ein medelev på teksten din.

  • Er det noko som manglar?
  • Er det noko som er uklart?
  • Har du brukt viktige omgrep på rett måte?

Juster gjerne teksten i tråd med dei innspela du får.
Deretter ber du læraren din om å vurdere teksten ut frå faglege kriterium.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2018

Læringsressursar

Medieutvikling og innovasjon