Hopp til innhald

Fagstoff

Pressa sin sjølvjustis

I Noreg har redaksjonar i mediebransjen underlagt seg ein presseetisk sjølvjustis. Dette systemet blir gjerne kalla den sosialt ansvarlege pressemodellen. Det vil seie at pressa er fri og uavhengig, men at dei sjølve må passe på at dei ikkje gjer seg skuldige i etiske overtramp.
Petter Stordalen omringet av journalister og fotografer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva sikrar sjølvjustisen?

Norsk Presseforbund er eit felles organ som samlar alle medium i Noreg. Det er Norsk Presseforbund som har utarbeidd Ver Varsam-plakaten som alle journalistar, redaktørar og redaktørstyrte medium forpliktar seg til å følgje. Derfor kallar vi det eit system av sjølvjustis.

Dersom nokon meiner at dei etiske retningslinjene ikkje blir følgde, kan vedkommande sende ein klage til Pressas faglege utval. I enkelte saker kan generalsekretæren i PFU på eiga hand klage inn medium for saker dei har publisert. Det heiter initiativretten.

Pressas faglege utval (PFU) er altså sette til å vakte over Ver Varsam-plakaten og vurderer om innklaga medium har brote punkta i plakaten.

Utvalet er sett saman av to journalistar, to redaktørar og tre personar frå allmenta. Grunnen til at media sjølve har fleirtal i utvalet, er prinsippet om sjølvjustis. Pressa skal først og fremst dømmast av sine eigne.

Kvifor drive sjølvjustis?

Det skjer at nokon mistar jobben sin på grunn av pressedekninga av ei sak. Eit innslag i TV-nyheitene kan føre til at nokon endeleg får dekt utgifter til ein kostbar, livsforlengjande medisin. Slike eksempel viser at media har stor makt i samfunnet, ei makt som ofte har konsekvensar for dei som blir omtalt.

Pressa må derfor vere medviten kva innverknad og makt dei har, og opptre profesjonelt i heile den journalistiske prosessen, frå innsamling til publisering.

Bilde av en sint mann på telefon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Poenget med presseetikken er ikkje å hindre journalistar i å få fram kritikkverdige forhold i samfunnet, men å passe på at pressa ikkje gjer seg skuldig i unødige krenkingar og skade.

Det ville gått utover norske medium si frie stilling dersom andre maktinstansar, for eksempel staten eller private eigarar, greip inn i pressa sine sjølvjustisordningar. Ei uavhengig presse er sentral for at eit demokrati skal fungere.

Pressa som motmakt

Pressa blir gjerne kalla «den fjerde statsmakta» fordi ho kan vere ei motmakt og eit korrektiv til dei tre andre statsmaktene: den lovgivande, den utøvande og den dømmande makta. Då er pressa sin funksjon å vere ei vaktbikkje som seier frå og avslører sider ved samfunnet som ikkje fungerer som dei skal.

I Ver Varsam-plakaten heiter det at pressa har rett til å informere om det som skjer i samfunnet, og skal avdekkje kritikkverdige forhold. Det står også at det er pressa si plikt å setje eit kritisk søkjelys på korleis media sjølve fyller samfunnsrolla si.

Men med ei slik makt følgjer også faren for at pressa kan misbruke makta, og for at enkeltpersonar blir omtalte på uriktig grunnlag. Dersom pressa misbruker makta si og gjer seg skuldig i stadige overtramp, vil tilliten til pressa svekkjast. Derfor er det heilt nødvendig at pressa driv sjølvjustis og passar på at dei ikkje sjølve misbruker tilliten dei har fått som den fjerde statsmakta.

Fungerer sjølvdømmeordninga?

Ein kan spørje seg om det er optimalt at pressa sjølv vurderer etikken i arbeidet sitt, men ordninga har vist seg å fungere. Ver Varsam-plakaten er eit viktig prinsipp for alle redaktørar og journalistar, og det svir når ein blir felt av Pressas faglege utval.

I alle redaksjonar, anten det er riksdekkjande fjernsynskanalar eller lokalaviser, rettar ein seg etter dei etiske køyrereglane. I redaksjonane blir det oppfatta som dårleg handverk om ein får ei felling om brot på god presseskikk. Det er vanleg at redaksjonane arbeider kontinuerleg med etikken sin.

Redaktørar og journalistar er derfor veldig medvite om å opptre med god etikk, og dei forsøkjer å ta lærdom av dei sakene der dei sjølve eller andre er blitt felt. Fordi ordninga er basert på sjølvjustis, kan ein ikkje argumentere mot PFU med at utvalet ikkje tek journalistfaglege omsyn. Det er trass alt journalistar og redaktørar som sjølve har skapt og utøver regelverket.

Pressa er sjølvsagt også underlagt norske lover, men i tillegg har dei altså pålagt seg sjølve å følgje etiske retningslinjer som på mange område er strengare enn det norske lovverket. Det er fordi ein velfungerande presseetikk er viktig for at pressa framleis skal kunne vere uavhengig og oppfylle samfunnsoppdraget sitt. På same tid bidreg det også til å styrkje tilliten og truverdet til bransjen.

Sosiale medium, nye utfordringar

Framveksten av nye medium skaper nye etiske utfordringar. Førebels er det for eksempel berre redaksjonsstyrte sosiale medium-sider som er underlagde Ver Varsam-plakaten.

Det vil seie at VG si Facebook-side må halde seg innanfor det fastsette, presseetiske regelverket, mens Facebook-sida til ein samfunnsaktør ikkje kan klagast inn til PFU.

Utalelse på Facebook med sensurert navn og dato. Manipulert skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Likevel er det ikkje slik at kven som helst kan ytre kva som helst i sosiale medium. Norsk lov gjeld, og lova fastslår blant anna at du verken kan komme med hatmeldingar, rasistiske utbrot eller dele privat informasjon om andre i sosiale medium utan samtykkje frå kjelda. Då vil du kunne bli meld og dømd etter norsk lov, eller ein må trekkje seg frå verv eller stilling, slik eksempelet over viser.

Lag etiske reglar for sosiale medium

  • Korleis ville du formulert etiske retningslinjer for personlege delingar og ytringar, dersom du var blitt sett til det arbeidet?
  • Korleis ville systemet du sette opp for klage og oppfølging av klagar, ha sett ut?

Fagomgrep

  • Sjølvjustis – tyder at det er pressa sjølv som skal passe på at pressa sine eigne etiske retningslinjer blir følgde.
  • Ver Varsam-plakaten – eit sett sjøvpålagde etiske normer for trykt presse, radio, fjernsyn og nettpublikasjonar i Noreg.
  • Redaktørplakaten – ein avtale om redaktøren si uavhengigheit og plikter og ansvar for publikasjonen sin.
  • Pressas faglege utval (PFU) – skal overvake og fremje den etiske og faglege standarden i norsk presse, og behandle klagar i presseetiske spørsmål.
  • Vaktbikkje – ei beskriving av media og det at dei bidreg til å passe på at samfunnet fungerer som det skal.
  • Den fjerde statsmakta – ei beskriving av media og det at dei har ein kontrollerande funksjon overfor dei tre formelle statsmaktene, altså den lovgivande, den utøvande og den dømmande makta.
  • Pressetikk – moralske normer og reglar for korleis pressa skal stille seg til kjelder og personar som er omtalte.
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 28.11.2018

Læringsressursar

Etikk og medium