Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag eit storyboard med tre scenar

Skisser opp tre scenar som beskriv korleis to menneske møtest, og få tilbakemelding frå medelevar.
Ei jente ber ei anna jente på stranda. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag skisser

  • Last ned og skriv ut malen: Mal til storyboard og magasinskisser, eller teikn opp ruter på eit A4-ark.
  • Filer

  • Tenk over kva for to personar du vil skal møtast.
  • Skisser opp dette møtet visuelt. Bruk kort tid. Ta gjerne tida med stoppeklokke og gjenta prosessen nokre gonger.
  • Få med detaljar som viser retning, rørsle og avstand.
  • Ha klart for deg kva for utsnitt, perspektiv, kamerarørsler og komposisjonsprinsipp du vil bruke.

Vis medelev

  • Jobb to og to eller i større grupper.
  • Vis kvarandre skissene. Forklar korleis du oppfattar den andre sine skisser.
  • Stemmer oppfatninga dei har av kva som skjer i scenane, med det som var hensikta? Er 'møtet mellom to personar' oppfatta på rett måte?
  • Diskuter kor godt de traff med den visuelle formidlinga, for eksempel på ein skala frå 1–10? Kva vart forstått og ikkje? Kvifor gjekk det som det gjekk?
  • Gi konstruktive tilbakemeldingar på ideane til kvarandre og skriv ned nokre betringspunkt for ideane og for skissene.
  • Bli einige med lærar om eventuell levering av arbeidet.
CC BY-SASkrive av Per Henning Olsen og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2017

Læringsressursar

Innføring i filmproduksjon