Hopp til innhald

Fagstoff

Personlege redningsmiddel på fartøy

Å arbeide om bord i ein båt medfører risiko og tryggleik har førsteprioritet om. Dersom uhellet skulle vere ute, er det viktig at alle veit kva dei skal gjere. Det er krav til kva som skal finnast av personleg redningsutstyr om bord, og til opplæring av mannskapet.

Redningsdrakta

På fartøy over 10,67 meter skal det vere redningsdrakt til alle som er om bord. Redningsdrakta held deg varm og tørr dersom du må gå i sjøen. Filmen viser korleis du tek på deg drakta. Dette må du øve på.

Redningsvest med faste flytemiddel

Oransje redningsvest som ligg på plankegolv. Foto.

Det finst òg mange typar redningsvestar og flytevestar med faste flytemiddel. Dei er rimelegare enn dei oppblåsbare. Frå 1. mai 2015 er det påbode med redningsvest for alle, òg i fritidsbåtar.

I mange tilfelle er flytemidla i desse vestane store og kan vere i vegen når ein skal arbeide. Om bord i arbeidsbåtar og fiskebåtar kan det likevel vere aktuelt med slike vestar i tillegg til flyteplagg, eller til eventuelle passasjerar.

Ver merksam på at det er godkjenningsordningar for vestar og anna redningsutstyr, og at krava er knytte til type fartøy: Forskrift om redningsredskaper m.m. på fiske- og fangstfartøy frå lovdata.no.

Livbøyer

Redningsbøye. Foto

Livbøyer er flyteringar berekna på å kasta ut til folk som har falle i vatnet. Bøyene er utstyrte med redningsline, sjølvtennande røyksignal og bøyelys. Alle skip skal ha eit visst tal livbøyer om bord. Redningsselskapet, forsikringsselskap og andre organisasjonar plasserer ut redningsbøyer på kaier, ved badeplassar og andre stader langs kysten.

Varmeposar

Mann i varmepose. Foto.

Varmeposen vernar mot regn, vind og kulde. Posen har eit metallag på innsida som tek vare på kroppsvarmen til personen som er inni.

Varmeposar finst i livbåtar og redningsflåtar. Det er viktig å ta på varmeposen så raskt som mogleg for å hindre nedkjøling mens ein ventar på bergingsmannskap.

Oppblåsbar redningsvest

Oppblåsbar redningsvest. Foto.

Det er også krav om redningsvest til kvar person om bord. Det finst mange typar redningsvestar. Dersom vi skal arbeide med vesten på, er ein oppblåsbar vest best. Han er lett og behageleg å ha på.

Dersom du dett i vatnet, vil gass frå ei lita patron bli frigjort og fylle vesten. Dette held deg flytande til du får hjelp til å kome deg opp. Når vesten har blåse seg opp ein gong, må patrona skiftast.

Slike redningsvestar eignar seg også ved arbeid på merdar eller på andre flytande installasjonar.

Flyteplagg

Mann i flyteplagg. Foto.

Flyteplagg er ikkje redningsutstyr, men er likevel med på å betre tryggleiken. Dette er klede som har flyteelement innsydd. Det finst både bukser og jakker med flytemiddel. Arbeidstøy med flytemiddel er behagelege å ha på. Dersom du dett i sjøen, får du då ekstra oppdrift som held deg flytande ei stund. Plagga kan likevel ikkje erstatte redningsvest eller redningsdrakt.

Hugselappen

Personleg redningsutstyr

  • redningsdrakt
  • redningsvest
  • livbøyer
  • varmepose

Andre hjelpemiddel

  • flytevestar
  • flyteplagg
CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2017

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i fiskerinæringa