Hopp til innhald

Fagstoff

Potetdyrking

Når vi set ei potet i jorda, kjem det opp ei potetplante. Gjennom fotosyntesen produserer planta druesukker. Druesukkeret blir gjort om til stivelse, som blir lagra i knollar som blir danna på røtene. På denne måten produserer planta nye poteter.

Setjepoteter

Setjepotetene er ofte ikkje så store. Dei skal vere friske og utan sjukdommar. Produsenten bør jamleg kjøpa inn sertifiserte setjepoteter. Eigne poteter frå året før kan òg brukast dersom dei er av god kvalitet.

Poteter med groar i potetkasser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jordarbeiding

Før vi kan setje poteter, må vi arbeide med jorda. Det er viktig at jorda er laus og har god struktur. Vi bør helst dyrke poteter på jord der det er lite stein.

Når vi skal setje poteter, bør jordtemperaturen vere høg nok (8–10 gradar) slik at poteta kjem raskt i gang med veksten, elles kan det oppstå skadar og sjukdommar på potetene.

Harva åker med berre jord og mold utan plantevekst. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Potetsetting

Når potetene skal i jorda, bruker vi ein potetsetjar. Bilete viser ein fireraders potetsetjar. Han set poteter i fire rader om gongen. Ei slik rad blir òg kalla ein drill. Potetene blir sette med eit visst mellomrom bortover på drillen avhengig av potetsorten og storleiken på setjepotetene. Samtidig som potetene blir sette i jorda, blir det tilført gjødsel.

Traktor med potetsetjar lager fire fine rader i jorda etter seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stikking

Små potetplanter på rad kjem opp av jorda. Foto.

To til tre veker etter setjing kjem dei første potetblada opp av jorda. Vi seier at poteta "stikk". Kor lang tid det tek frå setjing til vi ser dei første blada, er avhengig av potetsort, jordtemperatur og av om potetene er lysgrodde slik at veksten kjem raskare i gang.

I perioden rundt stikking kan mekanisk eller kjemisk ugraskamp vere aktuelle tiltak.

Hypping

Å hyppe potetene vil seie at vi løftar jord frå mellom radene og opp i drillen for å gjere drillen høgare og breiare. Vi set potetene i ein låg drill slik at dei stikk raskt og kjem fort i gang med veksten. Seinare treng vi ein høgare drill slik at potetknollane ikkje veks fram i lyset. Dersom knollane blir utsette for lys, blir dei grønfarga og øydelagde.

Små plogar bak ein traktor går mellom potetrader. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sprøyting

Potetåkeren blir sprøytt både mot ugras og for å førebygge skadar frå sopp og ulike insekt. Potetene blir sprøytte fleire gonger gjennom sommaren. Potetprodusenten må blant anna følge nøye med på om det utviklar seg tørròte frå tørròtesoppen. Små insekt som teger kan òg gjere stor skade på plantene og redusere tilveksten på potetene.

Traktor med sprøyteutstyr sveiper over grøne planter på ein åker. Foto.

Blomstring

Det er vakkert når potetåkrane blomstrar. Somme potetsortar har meir blomstrar enn andre sortar, og fargen varierer frå kvit eller gulaktig til ulike nyansar av lilla. Poteter med lyst skal har gjerne lyse blomstrar, og poteter med raudleg skalfarge har mørkare blomstrar.

Etter blomstring kjem det tomatliknande frukter med frø. Slike frø kan brukast av dei som foredlar fram nye potetsortar. Poteter formeirer seg vegetativt med jordknollar.

Blomstrande potetplanter. Foto.

Fjerning av ris

Før potetene skal takast opp, blir potetriset øydelagt. Riset er dei grøne delane av planta over bakken. Grønt, frodig ris vil skape problem og tette seg i potetopptakaren. Når riset blir øydelagt, sluttar potetknollane å vekse. Potetknollane får så ligge ei stund i bakken før vi tek opp potetene. Vi seier at potetene modnar. Dei får tjukkare skal og toler handtering under opptak betre.

Traktor med risknusar fjernar potetris. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Potetopptaking

Tre til fem månader etter setjing er potetene klare for å haustast. Vi tek opp potetene med ein potetopptakar. Knollane blir løfta opp av drillen saman med jord og restar av riset, og via belte og såld blir potetene skilde ut på ein så skånsam måte som råd.

Mannskap står på potetmaskina og ser over potetene som kjem på bandet. Dei fjernar jordklumpar, stein og øydelagde poteter, og potetene blir samla i ein eller fleire tankar i maskina. Potetene blir deretter tømde over i kassar som blir køyrde på lager.

Poteter må lagrast kjølig, men frostfritt. Lageret skal vere mørkt.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 01.01.2024

Læringsressursar

Dyrking av potet