Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ei lydhistorie med panorering

Ta utgangspunkt i ein lydproduksjon som du har laga tidlegare og lag ei historie om noko som flyttar seg.
Fargerikt bilde av mennesker, høytalere og lyd i kaos. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hent fram ein eller fleire lydproduksjonar du allereie har laga, og lytt til dei på ulike avspelingssystem:

  • Samanlikn korleis dei høyrest ut i to ulike sett med hovudtelefonar, med øyreproppar og deretter i to ulike høgtalartypar. Læt det likt, eller er det noko som er forskjellig?
  • Korleis blir panoreringa opplevd? Er det likt eller ulikt?

Lag ei historie om noko som flyttar seg

  1. Førearbeid: Lag ei lita historie om noko som flyttar seg. Bestem deg for ein lyd som du ønskjer skal bevege seg mellom høgre og venstre kanal. Det kan vere ei mus, ein bil, ein person som kryp eller går, eller anna.
  2. Opptak: Gjer monoopptak av lyden som skal flytte seg. Gjer også eit stereoopptak av ein atmosfære som kan liggje bak.
  3. Redigering: Legg inn atmosfæren i lydprogrammet først. Så legg du inn den lyden eller dei lydane som skal bevege på seg. Til slutt legg du inn panoreringsautomasjon slik at lyden flyttar seg.
  4. Presentasjon: La dei andre i klassen høyre på resultatet.
CC BY-SASkrive av Knut Halmrast.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2017

Læringsressursar

Lydteori