Hopp til innhald

Fagstoff

Klang

Romklang kan vere så mykje. Det finst korte klangar som læt som om du står i eit lite rom, og det finst lange klangar som læt som om du står i ein katedral. Utfordringa er å få opptak av klang til å fungere godt. Då er eit planlagt stereoopptak ei mogleg løysing.

Korte klangar kan brukast omtrent kva tid som helst, så sant det passar med uttrykket, men lange klangar tek mykje plass og kan lett verke søylete – spesielt viss det er mykje som skjer i lydbiletet.

Dei fleste klangar har likevel ein typisk eigenskap: Dei læt som om ein oppheld seg innandørs. Klangar som læt som om dei er tekne opp ute, er langt vanskelegare å simulere.

Mikrofon og romklang

Ei lydkjelde som er nær mikrofonen, har ofte lite romklang. Ho har kanskje tydeleg bass og diskant. Lydkjelda høyrest godt fordi lydane gjerne er relativt sterke.

Desto lenger unna mikrofonen lydkjelda er, desto meir vil vi høyre klangen frå omgivnadene, som vegger og vindauge. Lydane blir gjerne matte fordi diskanten ikkje blir så høg. Og dei er ofte lågare i volum.

Mengda av romklang blir avgjord av tilhøvet mellom direktelyd frå ei lydkjelde og refleksjon frå omgivnadene.

To måtar å få romklang i eit lydbilete på

  • Juster avstanden mellom lydkjelde og mikrofon.
  • Legg romklangen på digitalt i eit lydredigeringsprogram ved å nytte eit programtillegg.

Mikrofonplassering ved filmopptak

Når ein gjer filmopptak, kan mikrofonplassering vere ei utfordring. Mikrofonen skal jo helst ikkje synast i biletet. Det beste er å bruke ein lydbom som gjer at mikken kan haldast utanfor biletkanten, eller ein mygg som kan festast på ein lite synleg stad.

Ei naudløysing blir ofte å ta opp lyden med kameramikken. Det vil seie ein mik som er plassert i eller på kamerahuset. Det er likevel eitt problem, det er sjeldan at den optimale kameraplasseringa samsvarer med ei særleg god mikrofonplassering. Ofte vil mikrofonen vere for langt unna lydkjelda, slik at ein vil høyre for mykje klang frå omgivnadene.

Klang frå omgivnadene er gjerne ein type romklang som ikkje passar å ha med på eit filmopptak, og han er sjeldan lett å ta bort i ettertid.

Dessutan er opptaket frå kameramikken i mono. Om du har teke opp eit monoopptak i klangfulle omgivnader med éin mikk, vil romklangen tuleg låte trongt og lite passande.

Monoopptak med uønskt monoklang er det ikkje mykje å få gjort med. Det finst rett nok ein del program som hevdar å kunne redusere romklang, men i dei fleste tilfella er det nesten betre å gjere opptaket på nytt.

Det beste er om ein har teke seg bryet med å bruke to mikkar med ulik plassering. Romklang fungerer nemleg aller best i stereo. Då kan det låte breitt og flott, mens i mono blir det ein klang som oftast er til hinder for eit godt resultat.

Refleksjoner av fargede flasker og jente i speil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Knut Halmrast.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2017

Læringsressursar

Lydteori