Hopp til innhald

Fagstoff

Breidde og panorering

Ved å utnytte breiddeaksen i lydbiletet vil du vanlegvis kunne gi rom for fleire ulike lydar. Rørsle blir skapt gjennom panorering. For å få til ei velfungerande breidde i lydbiletet er det viktig å ta omsyn til ulike moglege lyttesituasjonar.

Atmosfærar og lange lydar ligg ofte i stereo, panorerte ut i breidda, så langt det er behov. Tale blir nesten alltid i lagd i midten, uansett kvar personar faktisk oppheld seg på biletsida. Det er viktig at det som blir sagt, kan høyrast av alle, uansett kva for høgtalarar tilhøyraren lyttar til.

Panorering: Rørsle i lydbiletet

La oss ta ein forbikøyrande bil som eksempel: Vi høyrer altså at bilen passerer frå den eine sida til den andre, og vi veit derfor i kva for ei retning bilen køyrer, utan å sjå det.

I praksis

Har du eit lydopptak i stereo, vil du sjå at signala for høgre og venstre kanal vil vere ulike. Om du derimot har eit monoopptak, vil det ikkje vere mogleg å høyre kvar bilen kjem frå, og kvar han køyrer hen. I dei fleste redigeringsprogram kan du fikse dette gjennom å bruke automatisk panorering.

Hovudtelefonar og høgtalarar

Det er noko du bør vere merksam på når du jobbar med breidda i lyd:

  • Breidda i hovudtelefonar er større enn i høgtalarar.
    Når ein høyrer i hovudtelefonar eller øyreproppar, vil stereobreidda vanlegvis høyrast breiare ut enn om ein høyrer i høgtalarar. Det er fordi at med hovudtelefonar separerer ein lydkjeldene i større grad. Det er noko ein skal ta høgde for når ein miksar lyd.
  • Du bør sitje midt mellom høgtalarane når du jobbar med eit lydbilete.
    Om du lyttar på høgtalarar når du jobbar, og ikkje med hovudtelefonar, er det viktig at du har same avstanden til begge høgtalarane der du sit. Om du ikkje har det, kan du risikere å konstruere eit lydbilete som læt nokså merkeleg.
  • Det er viktig at eit lydbilete fungerer i mono.
    Det er ikkje alle lyttesituasjonar som tilbyr ei optimal stereolytting. Dei som ikkje oppheld seg akkurat midt mellom dei to høgtalarane, slik at dei oppnår maks stereoverknad, dei må også kunne få med seg kva som skjer. Sjekk derfor alltid ein miks i monolytting før du leverer eit lydarbeid frå deg.
CC BY-SASkrive av Knut Halmrast.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2017

Læringsressursar

Lydteori