Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bygg eit lydbilete

Samanlikn resultatet av eit lydbilete som er teke opp som ein heilskap, og eit lydbilete som er etterkonstruert.
Tegninger av menneskeører. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bestem deg for ei scene frå eit miljø eller ei historie du har lyst til å framstille. Lydproduksjonen skal vere på ca. 15 sekundar. I tillegg til bakgrunnsatmosfære skal lydbiletet bestå av to stemmer som ropar eller snakkar til kvarandre. Den eine skal stå nært, den andre lenger unna. Gjer plass også for andre lydelement, som rørslelydar eller effektar.

Gjer eitt opptak av heile lydbiletet

Du skal gjere eitt opptak av ei scene der mikrofonen (kamera) tek opp heile lydbiletet, uavhengig av kvar lydkjelda er i høve til mikrofonen.

Dette opptaket treng du ikkje å redigere noko særskilt.

Flytt rundt på mikrofonen og gjer fleire opptak

  1. Førearbeid: Gjer opptak av den same scena, men då skal du ta opp kvart einskilt lydelement for seg, og etterkonstruere lydbiletet i eit lydprogram.
  2. Opptak: Flytt mikrofonen eller mikrofonane så han eller dei kjem nær lydkjelda.
  3. Redigering: Rediger opptaka i eit lydprogram og plasser dei ulike elementa der dei skal i lydbiletet.
  4. Presentasjon: La dei andre i klassen høyre forskjellen på dei to lydbileta.
CC BY-SASkrive av Knut Halmrast.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2017

Læringsressursar

Lydteori