Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samanlikn klang i mono og stereo

Samanlikn opptak i mono og i stereo gjorde i eit klangfullt rom.
Kirkerom fra en kirke i Valdres. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Førearbeid: Finn ein klangfull opptaksstad, ei kyrkje, ein symjehall, ein idrettshall.
  2. Opptak: Gjer først eit monoopptak av nokon som pratar eller syng. Gjer så eit tilsvarande stereoopptak frå same posisjon.
  3. Redigering: Importer opptaka i redigeringsprogrammet ditt. Kva opptak lèt best, og kvifor synest du det?
  4. Presentasjon: La dei andre i klassen høyre. Har du same oppleving når du får opptaka spelt av på vanlege høgtalarar som når du høyrer i hovudtelefonar?
CC BY-SASkrive av Knut Halmrast.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2017

Læringsressursar

Lydteori