Hopp til innhald

Fagstoff

Lyd skaper rom og oppleving

I ein film er dei to viktigaste oppgåvene til lyden å formidle informasjon og gi opplevingar. Informasjon får vi i hovudsak gjennom det som blir sagt, og opplevingar gjennom korleis lydbiletet er planlagt, designa og produsert.
Foto av gut med øyretelefonar og lukka auge.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk etter

Kva treng du om du skal skape eit bilete av ein stor, flott restaurant i ein filmscene?

Jo, eit restaurantbord – og lyden av ein stor restaurant.

Ønsker du ein eksklusiv og dyr restaurant med eit roleg og avstressande miljø eller stemninga av ein travel restaurant der det er ein del bråk frå kjøkken og betening? Dette bestemmer du sjølv ved å byte bakgrunnslyd.

Informasjon gjennom dialog og voiceover

I lydarbeid for levande bilete er det å skape eit godt lydbilete gjerne den største oppgåva. Ver spesielt merksam på å gjere gode videoopptak av det personane seier. Dialogen i ein film må komme tydeleg fram i lydbiletet og vere lett å oppfatte. Når det gjeld all annan lyd, kan mykje fiksast i etterarbeidet.

Lyd skaper rom og oppleving

Korleis bruke lyd til å skape oppleving i eit audiovisuelt medium? Jo, du bruker lyd til å skape rom. Levande bilete gir att fysiske rom todimensjonalt. Med lyd kan du gjenskape kjensla av det tredimensjonale, fysiske rommet. Du kan boltre deg i høgda, breidda og djupna til lydbiletet.

Atmosfære

Du kan gjerne starte med å forme ein lydbakgrunn, det som også blir kalla for ein atmosfære. Ofte skaper ein ein passande storleik på miljøet i film nettopp ved hjelp av atmosfærar. Eit lite, trongt rom krev ein annan bakgrunnslyd enn ei fjellvidde.

Ein atmosfære byrjar ofte litt før biletklippet. Han byrjar nokre gonger på same tid, men svært sjeldan etter biletklippet.

Tenk deg at du kjem til ei strand, og sjølyden dukkar først opp etter at du har stått der nokre sekund. Før det er det stille. Slik er det jo ikkje! Sjølyden dukkar kanskje opp før du kjem til stranda, med andre ord før ein ny scene.

Gamle, garva designarar av filmlyd gjer det ofte slik at dei lar atmosfæren ligge på eit litt høgare volum i opninga av ein scene, slik at vi skal bli kjende med miljøet. Og når handlinga er i gang etter nokre sekund, trekker dei volumet ned så atmosfæren ikkje skal ta merksemda frå handlingane.

Klippa nedanfor, henta frå filmane The Florida Project og Hva vil folk si, inneheld både atmosfærelyd, tale og andre lydelement. Høyr gjennom klippa utan å sjå. Korleis blir lyden brukt for å skape rom og oppleving og for å formidle informasjon?

Plassering av lydelement

For at ikkje alle lydelementa skal hamne på same staden i lydbiletet, som ein slags klump der det ikkje er mogleg å skilje dei frå kvarandre, gir du dei ulike plasseringar i lydbiletet. Forsøk å gi kvart lydelement si eiga unike plassering. Det kan vere i breidda, ved sida av kvarandre, eller framfor eller bak kvarandre, alt etter kva oppleving du er ute etter å skape. Slik jobbar du med å få kvar og ein av lydane til å komme fram så tydeleg som mogleg.

Nokre lydar er djupe, andre lyse, og nokre er sånn omtrent midt imellom. Du kan òg bruke lydar med ulik klang, eller lydar som ikkje er i same tonehøgde. I eit lydbilete er det både bruk for og plass til heile spekteret, og det kan du gjerne utnytte.

Lydopplevingar i radio

Om du skal lage eit radioprogram og ikkje har noka biletside å ta omsyn til, står du friare. I det store og heile kan du tenke og jobbe som om du lagar lydside til ein film, men du vil ofte vere avhengig av å gi ein del informasjon som ein film kan gi gjennom bilete.

At ein person snur seg, vil ikkje vere vanskeleg å forstå på film, men det vil det truleg vere i eit radioprogram. Det er vanskeleg å oppfatte det, dersom det ikkje blir fortalt med ord. Korleis personar eller ting ser ut, kan heller ikkje bli vist i radio.

Lytt og finn døme på korleis lyd skapar rom og opplevingar i ein av dokumentarane i NRK P2s serie Radiodokumentaren.

CC BY-SASkrive av Knut Halmrast.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2023

Læringsressursar

Lydteori