Hopp til innhald

Fagstoff

Høyrselen sitt frekvensområde

Dei tonehøgdene vi menneske kan høyre, er delte inn i bass, mellomtoneområde og diskant. Kunnskap om korleis menneske oppfattar tonehøgder, er viktig for alle som jobbar med produksjonen av lyduttrykk.

Høyrselen sitt frekvensområde

Området frå den djupaste lyden eit menneske kan høyre, og opp til den aller lysaste, blir kalla høyrselen sitt frekvensområde.

Den djupaste lyden eit menneske kan høyre, er ca. 20 Hz. Denne tonen er svært djup, så djup at lyttesystemet du har, truleg ikkje kan gje att denne tonen ordentleg.

Den lysaste lyden vi menneske vanlegvis kan høyre, ligg på ca. 17.000 Hz. Nokre få menneske kan høyre heilt opp til ca. 20.000 Hz, men det er ikkje vanleg. Frekvensområdet for menneskeleg høyrsel er likevel enkelt å hugse: frå 20 til 20.000 Hz.

Tenk deg om

Kva skjer om vi fjernar dei djupe frekvensane og berre held på dei lyse?

Blir det eit meir stressa lydmiljø, eller opplever du kanskje at freden senkar seg?

Bass

Bassområdet blir vanlegvis definert frå 20 til 200 Hz. Dei fleste lydane som er nedst i dette området, består stort sett av menneskeskapte lydar frå det moderne samfunnet.

Det er ikkje mange av naturen sine eigne lydar i dette området, om du ser bort frå lydar som på ein eller annan måte kan knyttast til fare eller frykt, som for eksempel jordskjelv, lyden av rovdyr eller kraftig uvêr.

Mellomtoneområdet

Mellomtoneområdet blir rekna frå 200 til ca. 3000 Hz. Sjølv om det nedre registeret av ei mannsstemme kan strekkje seg heilt ned til rundt 80 Hz, og kanskje endå djupare enn det, reknar vi vanlegvis det meste av stemma sitt uttrykk til mellomtoneområdet. Ei kvinnestemme held seg for det meste frå 150 Hz og oppover.

Mykje kan skje rundt 300 Hz

Om du opplever at du har eit litt grautete lydbilete der dei enkelte lydane ikkje er så lette å skilje ut, er det verdt å sjekke om det er mykje som skjer rundt 300 Hz. Det er det området som er midt på pianoet. Her har det lett for å hope seg opp med lydar. Viss dette området blir for aktivt eller massivt, blir det lett ein posete og grautete klang i lydbiletet.

Ein tone på omtrent 1000 Hz er lyden som ofte blir lagd på upassande ord i amerikanske TV-produksjonar. Dei aller lysaste tonane på ein fiolin ligg på ca. 3.000 Hz.

Sjølv om det er litt ulike oppfatningar om kvar det er mellomtoneområdet går over til diskant, blir overgangen i mange tilfelle rekna rundt 3000 Hz.

Diskant

Med diskanten kjem klarleik og krispleik inn i lydbiletet. I dette området finn vi musikkinstrument som f.eks. cymbalar, hi-hat, tamburin og triangel. Her tek dei små fuglane over for dei større.

Når vi kjem til området over 10.000 Hz, byrjar vi å nærme oss grensa for kva ein del avspelingssystem i praksis greier å handtere. I dette registeret er det ikkje så mykje musikalsk og tonal informasjon, men området bidreg gjerne med å skape luft i lydbiletet. Det vil seie at dette området kan vere veldig viktig når du skal produsere eit lydbilete.

Siluette foran en et lysfargespekter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Knut Halmrast.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2017

Læringsressursar

Lydteori