Hopp til innhald

Fagstoff

Linefiske

Line er ein passiv fiskereiskap som fungerer etter lokkeprinsippet. Lina har krokar med agn, og lukta av agnet lokkar fisken som tek agnet og set seg fast i kroken. Dei viktigaste artane i linefiske er torsk, hyse, lange, brosme og andre botnfiskartar.

Lina består av ein linerygg med forsynd som det er festa krokar til. Avstanden mellom og storleiken på krokane varierer etter driftsform og kva vi fiskar etter.

Ei linesetjing vert ofte kalla ein stubb. I kystflåten er ein stubb delt opp i stampar. Ein stamp line består av 200–500 krokar. Denne nemninga stammar frå stampane ein brukte til å leggja den ferdigegna lina i når ein frakta ho om bord.

I havfiskeflåten består ein stubb line av opptil 12 000 krokar.

Linefisket vert utøvd av kystbåtar frå åtte meter og oppover, og av større havgåande fartøy.

Linetypar

Linetypane er skilde etter korleis dei vert plasserte i sjøen, og etter kva vi ønskjer å fanga. Vi skil mellom

  • botnline
  • stolpesett line
  • fløytline
  • ståline eller snik
  • kystline: line som vert brukt i kystnære farvatn
  • bankline: line som vert brukt lenger ute – på fiskebankane
  • kveitevad: line som vert brukt til å fanga kveite
  • autoline: line som vert egna og sett maskinelt

Omgrep du bør kunna:

Båt med autoline. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • linerygg
  • fortaum eller forsynd
  • krok eller angel
  • passiv reiskap
  • autoline
  • botnline
  • fløytline eller flyteline
  • snik
  • agn
  • svivel
  • stubb
  • stamp
  • linesetjar
  • rekkerull
  • linespel
  • kveilar
  • linehalar
  • splittemaskin
  • krokmagasin
  • setteining
  • stolpesett line
  • flaggbøye
  • vaker
  • lokkeprinsippet

Kva kan du om linefiske? Prøv deg sjølv:

CC BY-SASkrive av Kyrre Pettersen.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2017

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i fiskerinæringa