Hopp til innhald

Fagstoff

Rollespel og idéutvikling

Poenget med rollespel i ein idéprosess er å dele ein idé med andre og sjå om han kan vidareutviklast. "Møtest ved vassholet", "Pessimisten versus optimisten" og "6 tenkehattar" er døme på rollespel de kan bruke i utvikling av idear.
Team som slår knokane saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

"Pessimisten versus optimisten"

Lek med replikkvekslingar får opp ein del moglegheiter og idear. Utfordringane med ein idé blir avdekte og er nyttige å ha med seg vidare. Poenget er altså ikkje å drepe idear, men vri rundt på dei.

Eit av dei enklaste rollespela er "Pessimisten versus optimisten". Sjå for de eit rollespel med to karakterar som diskuterer ein reklame for ein ny deodorant for ungdom.

Replikkvekslinga kan føregå som følgjer:

Optimisten: – Vi kan ha ei mor som seier til sonen at no luktar du, ta på deg denne deodoranten.

Pessimisten: – Nei, det er ukult med ei mor som seier det.

Optimisten: – Vi kan ha ei jente som ikkje dusjar etter gymmen, men tek på deodorant i staden.

Pessimisten: – Nei, det er jo ekkelt og uhygienisk, det kjem vi ikkje gjennom til målgruppa med.

Optimisten: – Vi har ein kjærast som seier til kjærasten sin: «Å, så godt du luktar!».

Pessimisten: – Nei, det vil jo ikkje vere direkte knytt til deodoranten.

I grupper på tre kan de setje opp Pessimisten, Optimisten og Dommaren, der dommaren har det siste ordet og samanfattar dialogen mellom pessimisten og optimisten.

Dersom det er vanskeleg å komme nokon veg i rollespelet, kan det vere lurt å gå tilbake til grunnproblemet. Har de klart for dykk eit problem som ideen dykkar skal løyse? Prøv eventuelt ulike formuleringar av problemstillinga.

I alle variantar av rollespel er det lurt å køyre ein oppvarmingsrunde først, og dessutan køyre fleire rundar, der rollene blir bytte rundt på.

"Møtest ved vassholet"

Elevar sit rundt eit bord og snakkar saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I program om dyr på TV, har du sett at ved vasshol møtast mange ulike dyreartar for å sløkke tørsten. I rollespillteknikken "Møtes ved vassholet", er poenget at menneske med ulik bakgrunn vil ha ulike syn på ein idé og kan tilføre den verdien.

Etter at du har pitcha ideen din, gir du deltakarane ved vassholet ulike roller:

  • Ein synest ideen er bra, og forsvarer han.
  • Ein er oppteken av kva som kan gjere ideen betre.
  • Ein er den som treng ideen og stiller spørsmål til korleis han skal løyse behov.

"Seks tenkehattar"

"Seks tenkehattar" er basert på parallelltenking: alle i gruppa prøver å ha same rolle og tankesett samtidig. Idéutviklinga blir delt inn i fasar der de vekslar mellom kva slags roller og fokus de skal ha som gruppe.

Tips

  • Start med det området de trur vil ta mest tid. Viss de jobbar med eit tema som har mykje kjensler knytt til seg, kan det vere lurt å byrje med raude hattar. Då får de gjort tydeleg kva kjensler gruppemedlemmane har rundt ideen. Viss det er eit meir «nøytralt» tema, kan det lønne seg å starte med kvite fakta-hattar for å få ei felles forståing av kva saka handlar om, og kva de veit.
  • Uansett kva område de jobbar med, er det viktig at ingen tek ei anna retning enn det de har avtalt. Det er ikkje tillate for éin enkelt å byte modus utan at heile gruppa gjer det saman.
  • For å hjelpe alle med å fokusere kan det vere ein idé å faktisk ha på seg farga luer eller hattar. Alternativt kan de leggje ein farga gjenstand på bordet mellom dykk eller ha den aktuelle fargen oppe på ein skjerm som alle kan sjå.

Kvit hatt: fakta og opplysningar – dele alt vi veit om temaet vi jobbar med – objektivt

Raud hatt: kjensler og intuisjon – alt vi føler rundt temaet, men ikkje heilt kan forklare – subjektivt

Svart hatt: utfordringar – det som står på spel, og alt som kan gå gale – objektivt

Gul hatt: konstruktive moglegheiter og håp, visjonar og draumar – objektivt og spekulerande

Grøn hatt: kreativitet, idear og løysingsforslag, ser etter alternativ – spekulerande

Blå hatt: oversikt og kontroll – blir brukt i starten og slutten av prosessen

Les meir om Tenkehattane på helsebiblioteket.no

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 19.09.2017

Læringsressursar

Forretningsidéar og mål