Hopp til innhald

Fagstoff

Opinionsleiarar og sponsa innhald

Ei anbefaling frå ein ven er det vi stolar mest på når vi skal kjøpe noko, blir det sagt. I sosiale medium kan dine, mine og våre vener enkelt kommunisere og dele erfaringar med kvarandre. Det gjer sosiale medium til effektive reklamekanalar.
Ungdommer som bruker sosiale media. Illustrasjon.

Viral spreiing

Dei som lykkast med å få mottakarane til å dele innhald, oppnår viral spreiing av innhaldet sitt. Uttrykket «viral» spring ut frå at ein vellykka viral kampanje spreiier seg som eit virus.

For dei som lykkast med ein viral marknadsføringsstrategi, er dette ein smart, effektiv og billeg måte å reklamere på. Viss du treff målgruppa, kan effekten bli formidabel. Bodskapen spreiier seg som eld i tørt gras.

Stopp og tenk!

Har du eksempel på virale marknadsføringssuksessar? Når klikka, likte eller delte du ein reklame i sosiale medium?

Tostegshypotesen

Ideen om påverknaden til vener liknar teorien vi kallar for tostegshypotesen. Kort fortalt handlar tostegshypotesen om at påverknad frå media skjer i to fasar: Først frå media til opinionsleiarane, så blir bodskapen tolka, forma og formidla vidare andlet til andlet frå opinionsleiarane til eit større tal menneske gjennom personleg kommunikasjon.

Ein opinionsleiar er ein person som påverkar kva andre i same sosiale gruppe meiner. I sosiale medium blir desse opinionsleiarane gjerne kalla influencers, som tyder personar med innverknad.

Figur som viser tostegshypotesen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teorien om tostegshypotesen vart utvikla før Internett, då det berre fanst massemedium, og då éin bodskap vart send frå ein avsendar, gjennom ein kanal til massene. Den viktigaste skilnaden på før og situasjonen i dag er at opinionsleiarane sjølve kan sende personlege bodskapar spontant ut til «vener» gjennom sosiale medium.

Vi lèt oss påverke av dei vi ser opp til

Det er ikkje noko nytt at opinionsleiarar blir brukte i marknadsføring for å nå målgruppa si. Lenge før sosiale medium fanst, sponsa marknadsførarar dei kulaste ungdommane med for eksempel klede frå ei merkevare, for å påverke andre ungdommar til kjøp.

I dag kan opinionsleiarar i sosiale medium bli betalt store summar for å promotere eit produkt i sine kanalar. Ei av verdas best betalte influencers, Kim Kardashian, kan få millionbeløp for å tvitre om eit merke. Ein mindre kjend aktør kan også tene gode pengar på sponsa innhald, viss ho eller han har mange følgjarar på sosiale medium.

Framover vil vi sannsynlegvis sjå stadig meir reklame forkledd som anbefalingar frå slike opinionsleiarar.

Stopp og tenk!

Kan du namngi fem opinionsleiarar i målgruppa di?

Fagomgrep

  • Viral marknadsføring: marknadsføring som bruker sosiale medium for å spreie merksemd eller sal av ei vare. Når brukarane sender marknadsføringa vidare på eige initiativ, kan innhaldet spreie seg som eit virus.
  • Opinionsleiar: ein person som påverkar kva andre i same sosiale gruppe meiner. Dei blir også kalla for «influencers».
  • Tostegshypotesen: ein medieteori som handlar om at ein bodskap går frå massemedia til ei mindre mengd mottakarar, som så gjennom personleg kommunikasjon bringar bodskapen vidare til fleire menneske.
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 19.09.2017

Læringsressursar

Medieaktørar og mediesjangrar