Hopp til innhald

Fagstoff

Verkemiddel i ein fleirkameraproduksjon

Klipperytme, kamerarørsle, scenografi og lyssetjing er sentrale verkemiddel i fleirkameraproduksjonar. Vala av verkemiddel vil vere avhenig av kva type produksjon det er snakk om.
VG-lista-konsert på Rådhusplassen 2013. Her popgruppa "The Wanted". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alt etter kva type fleirkameraproduksjon ein lagar, blir verkemidla brukte ulikt. I ein konsertproduksjon blir det ofte brukt ein kjapp klipperytme. Her tek ein gjerne i bruk varierte kamerarørsler og raske vekslingar mellom nærbilete av artistar og totalbilete av scenen og publikum.

Ei nyheitssending, derimot, er meir statisk, med rolegare overgangar og kamerarørsler. Kjapp klipperytme og kreative kamerarørsler kan ta fokuset bort frå bodskapen i ei nyheitssending.

Også scenografi og lyssetjing vil vere forskjellig for ulike typar produksjonar.

Klipperytme

Klipperytmen i ein fleirkameraproduksjon er med på å styre korleis vi opplever produksjonen. Når ein situasjon blir beskriven ved hjelp av totalbilete som står lenge på skjermen, blir opplevinga annleis enn dersom ein bruker ein serie med kjappe nærbilete. Då stig pulsen og spenninga.

Biletutsnitt

I opptaksfasen blir det klipt mellom ulike biletutsnitt. Eit heiltotalbilete gir oversikt over omgjevnadene og situasjonen. Nærbilete av eit andlet avslører kjensler og blir ofte brukt til å vise korleis ein person reagerer på det som skjer.

Kamerarørsle

I ein fleirkameraproduksjon blir det brukt ulike kamerarørsler. Som du kanskje allereie veit, kan kameralinsa bevege seg horisontalt – panorering, eller vertikalt – tilting. Ei panorering kan gi ei oversikt over ein situasjon, eller følgje ei rørsle sidevegs. Ein tilt kan for eksempel brukast til å vise høgde eller til å avsløre eit fenomen. Kamerakøyring og bruk av kran blir nytta også som effektar i fleirkameraproduksjonar.

Scenografi

Scenografien bidreg til å underbyggje og forsterke bodskapen og handlinga i produksjonen. Når ein jobbar med scenografi i ein fleirkameraproduksjon, er fokuset å skape eit heilskapleg visuelt uttrykk. Bestemte val av fargar, materiale og bakgrunnskulisser vil skape ulike uttrykk i studio.

Lyssetjing

Gjennom bruk av lyssetjing skaper ein ulike stemningar. Motiv og kontrastar kan framhevast. Prinsippa i 3-punkts lyssetjing eignar seg godt som utgangspunkt for lyssetjing i fleirkameraproduksjonar.

Hugs likevel at med fleire menneske i studio må du vere merksam på at lyset blir fordelt jamt slik at ingen andlet hamnar i skuggen. Avhengig av korleis studio er bygd opp, storleiken det har, og talet på menneske som er til stades på same tid, kan det vere nødvendig med fleire lamper.

3-punkts lyssetjing

3-punkts lyssetjing med hovudlys, utfyllande lys og hårlys er rekna for å vere den mest grunnleggjande lyssetjinga.

  • Hovudlys: Vel først ei lysretning og set opp hovudlyset derfrå. Det skal stå ca. 30 grader til sida for aksen og 30 grader vertikalt.
  • Utfyllande lys: Utfyllande lys set du slik at du ikkje får for mykje skugge. Du set det på motsett side av aksen og gjerne litt lågare enn hovudlyset.
  • Hårlys: Hårlys kan bidra til å skilje ut personen frå bakgrunnen. Set det på same side som hovudlyset, maks. 45 grader bak hovudlyset.
CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2018

Læringsressursar

Forteljeteknikk og verkemiddel