Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Produktplassering i sosiale medium

Spreiing og produktplassering er sentralt i marknadsføring i sosiale medium.

Oppgåve 1) Marknadsføring og annonsar på Instagram og Facebook

  1. Sjå gjennom annonsane som blir presenterte ovanfor. Kven har merkt reklamen sin i tråd med marknadsføringslova?

  2. Kva seier lova om merking av reklame på Instagram og Facebook?

  3. Kvifor er det nødvendig å merkje reklamen tydeleg?
  4. Diskuter fordelar og ulemper med marknadsføring på sosiale medium

    • for dei som marknadsfører
    • for dei som er potensielle forbrukarar

Oppgåve 2) Produktplassering

Jente som lager videoblogg.
  1. Anbefal eit produkt til venene dine:

    • Sjå for deg at du er ein kjend «influencer» blant ungdom på same alder som deg. No har du motteke ei gåve frå ein leverandør, i byte mot at du omtaler produktet deira i kanalane dine i sosiale medium. For eksempel: Du er ein gamer og har fått eit gratis spel frå ein spelleverandør. Du representerer ein ideell organisasjon (f.eks. Natur og Ungdom) og har fått ein gratis sykkel frå den lokale sportsbutikken. Du er ein skjønnheitsbloggar og har motteke gratis sminkeprodukt.
    • Lag ei melding (bilete eller video) til ei kjend plattform i sosiale medium der du anbefaler produktet til jamaldra ungdom.
  2. Kva kan vere utfordringar med å reklamere for gåver du har motteke gratis?
  3. Kva publiseringsreglar må du følgje?
  4. Vis det ferdige resultatet til klassen. Diskuter om det de har laga, er innanfor eller utanfor lova.
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2021

Læringsressursar

Lovverk i marknadsføring