Hopp til innhald

Fagstoff

Reglar for marknadsføring i sosiale medium

Reklame i sosiale medium må følgje dei same reglane som tradisjonell marknadsføring. Tydeleg merking før eller under publisering er viktig på grunn av den personlege omgangsforma.
Riksvåpnet utenpå boken Norges lover. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Marknadsføring i sosiale medium er regulert av markedsføringsloven og kringkastingsloven. Marknadsføringslova er medie- og teknologinøytral. Det betyr at dei same reglane som gjeld for marknadsføring i meir tradisjonelle medium som aviser og magasin, også gjeld for marknadsføring i sosiale medium. Dette vil seie at alle som bloggar, tvitrar og postar innlegg på Facebook, Snapchat, Instagram eller liknande, tydeleg må merkje innhald som forsøkjer å fremje eit sal eller ei teneste.

Youtuberar må også følgje dei reglane om merking av reklame som står i kringkastingslova.

Her er to nettstader som hjelper deg til å få oversikt over kva reglar som gjeld:

Kva må merkjast?

Innhald som fremjar sal av eit produkt eller ei teneste, må merkjast tydeleg. Dette gjeld uansett om ein får betalt for det, eller om ein får andre fordelar ved å publisere innlegget. Viss for eksempel ein youtuber, som motyting for positiv omtale, får låne eit antrekk, delta på eit arrangement, mottek eit produkt gratis eller får eit produkt til redusert pris, skal innslaget merkjast som reklame.

På same måten må for eksempel ein bloggar alltid merkje omtale av eit produkt dersom han eller ho har ein fast avtale med ei merkevare. Bloggaren må også merkje innlegg som reklame viss det blir laga konkurransar for å vinne eit produkt, eller viss bloggaren fremjar noko han eller ho sjølv står bak, altså driv eigenreklame i sosiale medium.

Skjult reklame er forbode

Sosiale medium legg til rette for mange-til-mange-kommunikasjon, og innhaldet blir i stor grad skapt av brukarane sjølve. Derfor er det ekstra viktig at aktørane merkjer marknadsføringstiltak tydeleg. Skjult reklame er ulovleg fordi forbrukarane har krav på å vite når dei blir utsette for reklame. Tal frå Forbrukarombodet i 2016 viste at fire av fem reklameinnlegg i sosiale medium hadde mangelfull eller manglande merking.

Stopp og tenk!

Kor mykje kan ein egentleg stole på innhaldet når åtti prosent av reklameinnlegga i sosiale medium ikkje er skikkeleg merka?

Korleis merkje reklame i sosiale medium?

Reklame i sosiale medium skal merkjast tydeleg før og på same tid som innhaldet blir publisert. Det vil seie at merkinga må ha ei god plassering og stor skrift. Produktplassering er for eksempel tillaten dersom ho blir merkt med ein tydeleg «P» i starten og slutten av eit klipp. Produktplassering betyr at nokon har betalt for at produktet blir vist fram, for eksempel i ein videoblogg eller i ein spelefilm.

På YouTube må du merkje videoen med tekst og på same tid fortelje sjåarane at dette er betalt innhald. Sjølv om reklamen berre er ein liten del av innslaget, skal det komme klart fram at det handlar om betalt omtale. Dersom reglane i marknadsføringslova og kringkastingslova ikkje blir følgde, risikerer sosiale medium-aktørar å bli bøtelagde eller å få forbod mot å ha reklame.

Besteven til sals

Stopp og tenk!

Youtuber Celina Karine Myhra seier i klippet: «Vi skal ha et så godt forhold til våre seere at det ikke skal ha noe å si om vi har fått eller kjøpt et produkt.»

  • Er de einige eller ueinige med henne?
  • Kva seier lova om merking av reklame på YouTube?
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2021

Læringsressursar

Lovverk i marknadsføring