Fagstoff

Samandrag soling

Publisert: 25.06.2010, Oppdatert: 03.03.2017

Her kan du lese eit kort samandrag av korleis soling verkar på kroppen vår.

Simulering av UV. Foto.Verknad av solkrem. Usikkerheit og feilkjelder.    

 

 

Lenke til simulering. Illustrasjon.Dra- og sleppoppgåve om UV-stråling.    

  • Sola er den viktigaste kjelda til vitamin D, men det er berre når ho står høgt på himmelen i sommarhalvåret at UVB-strålane når fram slik at det blir danna vitamin D i huda vår.
  • Både UVA- og UVB-strålar gjer at huda blir brunare.
  • Hudkreft/føflekkreft er den alvorlegaste langtidseffekten av UV-stråling. Intens soling og solforbrenningar, særleg i barneåra, kan føre til utvikling av hudkreft seinare i livet. Risikoen for hudkreft blir redusert kraftig når ein vernar seg ved soling.
  • Barn skal ikkje sole seg for å bli brune. Barnehud er mykje meir følsam enn vaksenhud, sidan pigmentdanninga ikkje er tilstrekkeleg utvikla for å verne mot UV-strålar. Barn treng ekstra vern både av hud og auge.
  • Solkremen du bruker, bør gi vern både mot UVA- og UVB-stråling. Bruk òg klede og solbriller som vern.
  • UVC-stråling drep bakteriar og virus. Kunstig framstilt UVC-stråling blir derfor brukt til luft- og vassreinsking og til sterilisering av instrument. UVC-strålar frå sola blir stoppa før dei når jordoverflata.
Oppgåver